Første brønnbåt ved FMV

«Seihav» på slep inn til FMV tidlegare i dag. Foto: Håkon C. Hartvedt

I dag kom skroget til brønnbåten «Seihav» til FMV. Endå ei suksesshistorie for samarbeidet mellom FMV og Heimli –  og der reiarlaget Seistar Holding ved brørne Bakke i Austevoll har vore sterkt inne i heile prosessen.

Sjølve skroget er lagd i Romania, men bygget er nybygg 38 hos FMV som skal utruste båten innvendig i løpet av sommaren. Båten skal vere ferdigstilt  seinsommar/haust i år. Overlevering vert truleg i september.

 – Båten ser ferdig og nymåla ut utvendig, og det er han, men det er utanpå. Me skal jobbe med innreiing, elektroinstallasjonar og røyrinstallasjonar – og mykje utstyr av ymse slag skal monterast, seier innkjøpsjef Nils Andreas Brekke til fitjarposten.no.

Han fortel vidare at båten ho vore i slep frå Romania sidan 30. april. Gjennom Donau, ut gjennom Svartehavet, Bosporus, Middelhavet og hit til Fitjar.

Brønnbåt
«Seihav» er altså ein brønnbåt. Han skal jobbe for Lerøy når han er ferdigstilt. Han skal frakte levande fisk, mellom anna laks og aure frå merdene  til slakteriet i Brandasund – og smolt frå smoltanlegg til merdene. Båten skal og brukast til sjukdomsbehandling av fisk, med nyaste utstyr og teknologi for behandling og transport av levande fisk installert.

Eigenutvikla design
Fitjar Mek. i samarbeid med Heimli AS og brørne Bakke har saman utvikla designet på båten. Ein har laga stort sett alle teikningar, og gjort alt prosjekteringsarbeidet her på Fitjar. Så Fitjar er tungt inne i dette produktet.

Båten er rett under 80 m lang, 17-18 m brei og vil ha ein djupgang på mellom 4,5 og 7 m  i drift.  Han kan frakta mellom 500-550 tonn levande fisk.

– Det er det første gongen me byggjer ein brønnbåt, så dette blir spennande, seier innkjøpsjef Nils Andreas Brekke, til slutt.