Årsbeste i landet og stemnerekord

Anna Sandvik Bø øvst på pallen etter eit suverent hekkeløp. Foto: Bård Inge Bø

Anna Sandvik Bø (12) vann 60 m hekk på den knallsterke tida 10,68. Dette er ny pers, årsbeste i landet i hennar årsklasse og ny stemnerekord under Mailekene i Haugesund. 

Vidare fekk Anna bestemannspremie for 977 p etter tyrvingtabellen. Ho var 9 hundredelar framføre «uslåelege» Ingeborg Tjåland frå Lye IL.

Anna kom elles på 3.plass på 600 m med tida 1.54,52. Ho oppnådde vidare 5.plass i høgde med 1,25,  6.plass på 200 m med 31,40 og 10. plass i lengde med 3,77. 

Veret var noko surt, men innsatsen desto meir imponerande.

Flotte resultat elles òg.

Natalie Tislevoll vart nr 2 på 60 m. Foto: Bård Inge Bø

Sprintkomet Natalie Tislevoll (13) held fram å imponere. 8,77 i ørlite for sterk medvind gav ein glimrande 2.plass på 60 m.

I same klasse sprinta Clara Wohlrab inn til personleg rekord med tida 9,15. Clara oppnådde dessutan ein flott 3.plass i høgde med 1,30, ein 7.plassar på 200 m med 31,13 og i lengde med 4,14.

Marius Torbjørnsen (13) deltok i heile seks øvingar denne helga. Han debuterte på den krevjande distansen 1500 m med tida 5.47,88 og fekk 3.plass. Same plasseringar på 60 m hekk med tida 12,35 og i lengde med 4,10. 1,30 i høgde og 9,60 på 60 m gav 4.plassar. 32,21 på 200 m gav 5.plass. Ein solid serie av ein treningsvillig kar!

Johannes Sandvik Bø (10) sprang ein sterk 600 m og fekk 3.plass i eit stort heat på tida 2.06. 60 m gjekk unna på 10,10 og i lengde strekte han seg til 3,47 m.

Bjart Sandvik Bø (9) sprang 60 m i rekruttklassen.