Braksiger til Fitjardamene

Britt Lise Onarheim Volden har finta ut forsvaret og scora. Løv-Ham-spelaren ser oppgjeven ut. Foto: Håkon C. Hartvedt

Fitjardamene sende Løv-Ham heim med 1-20 etter kampen på Kunstgrasbanen i dag. Toppscorar vart nestor Britt Lise Onarheim Volden med seks mål.

Britt Lise hadde berre tre treningar bak seg før kampen i dag, men ho har så mykje fotball i hovudet at ho gjorde det svært vanskeleg for motspelarane. Som då ho finta ut forsvaret og smelte ballen i tverrliggjaren og inn. Ei perle av eit mål i første omgang.

Men det er mange fleire som må trekkjast fram denne gongen. Henriette Tranøy og Gro Hatlevik var stadige uromoment i Løv-Ham-forsvaret og Elin Kvia Rydland dominerte midtbanen i tillegg til å dunka ballen inn mellom målstengene heile fem gonger.

Henriette Tranøy scorar eit av sine fire mål. Foto: Håkon C. Hartvedt

Gro Hatlevik herja med Løv-Ham forsvaret. Foto: Håkon C. Hartvedt

Elin Kvia Rydland trona på midtbanen og sette inn fem mål. Foto: Håkon C. Hartvedt

Løv-Ham var nok generelt hakket dårlegare enn fitjarlaget, og etter kvart skorta det òg på kondisjonen. I alle fall vart forsvaret altfor ofte ståande igjen på feil side av banen når Fitjardamene kontra.

Ein fantastisk siger i sipregnet. Det er berre å vona at det held fram slik utover i sesongen.

Dagens målscorarar for Fitjar:

Eldrid Myrvang: 1 mål

Elin Kvia Rydland: 5 mål

Gro Hatlevik: 2 mål

Henriette Tranøy: 4 mål

Line Jensen Westvik: 1 mål

Britt Lise Onarheim Volden: 6 mål

Else Mari Beth Franco Grimen: 1 mål