Frisk fisking

 

Ein søndag føremiddag kan brukast til så mangt. Mellom anna å gå på fisketur med harpun.

 

Kråko og tilstøytande område kan by på så mange typar opplevingar, Interessant natur, interessante bygg og interessante aktivitetar. Denne søndagen gjorde tyske Annika Lange og Stefan Frinken seg klare for ein fisketur, med utgangspunkt i Grønavikjo. Men utstyret var av den heller uvanlege typen. Med dykkardrakter, snorklar og harpun skulle dei freiste fiskelukka Håpet var å treffa på ein torsk eller to.

 

Det er langt frå første gongen at Stefan Frinken driv denne forma for fiske.

– Dette har eg gjort i over 40 år, sidan eg var ein liten gut, fortel han. Tidlegare har han han vore mykje i Middelhavet og jakta, og i fjor var første gongen han gjorde dette i Norge. For Annika Lange, som er saman med sonen til Frinken, var det derimot første gongen.

 

Å vera ute i sjøen på denne måten, i eit halvhustrig farvatn, krev sitt reint fysisk. Difor reknar Frinken med at denne turen ville vare ein times tid.

 

 Og med ønskje om skitt fiske og god jakt la dei to fiskarane på svøm.

 

Bilettekst: Stefan Frinken og Annika Lange på veg ut i det nære øyriket, klare med bøye og flagg som skal markera kor dei er når dei er under vatnet. Foto: Arne Vestbøstad