Nytt minibibliotek opna på Larsenkaien

 

Kultursjef Bente Bjelland opnar det nye MInibiblioteket. T.v. biblioteksjef Silje V. Torbjørnsen. T.h. Kari Bjørndalen Rydland. Foto: Ragnhild Hageberg

Under det store skiltet med skrifta «LIBRARY» på Larsenkaien, heng Fitjar sitt flunkande nye minibibliotek. 

Det nye minibiblioteket vart offisielt opna av kultursjef Bente Bjelland torsdag. Bjelland talte varmt om biblioteksjef Silje Vågen Torbjørnsen sitt store engasjement for å bringa litteratur og leselyst til lokalfolk og turistar. 

Jordbær og champagnebrus må til ved ei slik opning. Foto: Ragnhild Hageberg

Odd Espevoll monterte. Foto: Silje V. Torbjørnsen

Harald Rydland studerer ei av bøkene i bokskapet. Foto: Ragnhild Hageberg

Lite bokskap til stor glede
Det var i 2014 at Torbjørnsen fekk ideen om å opna minibibliotek i Fitjar. 

Opphavleg fekk ho ideen frå røyrsla «Little Free Library», som har sitt utgangspunkt i USA. Gjennom å byggja og registrera små, gratis bibliotek gjer ein folk moglegheit til å utveksla bøker og dela gode leseopplevingar.

– Utlånssystemet i minibiblioteket verkar etter prinsippet «ta ei bok, legg att ei bok». Slik vil det alltid vere like mange bøker att i biblioteket, og ein er sikra at innhaldet fornyast, seier Torbjørnsen.

Ta ei bok. Legg igjen ei bok. Foto: Ragnild Hageberg

Flittig brukt
Sidan minibiblioteket første gong blei opna i 2014, har det vore utsett for mykje ver og vind.

– Det har vore flittig brukt av både lokalfolk og båtturistar, og vart rett og slett utslite, seier Torbjørnsen. Det nye bokskapet er utforma og bygd etter frivillig innsats av Odd Espevoll.

Fleire fitjarbuar tok turen til Larsenkaien for å studera biblioteket, som for anledninga er fylt opp med nye bøker.  Nytt av året er at det er fleire barnebøker i sortimentet. Eg håpar folk får mykje glede av det, seier biblioteksjef Torbjørnsen.

Eli Simonsen (t.v.) og Solveig Salamonsen var òg nysgjerrig på dei nye bøkene. Foto: Ragnhild Hageberg.