Ein frustrert Trio-kaptein tar godt tak rundt Torstein R. Kjelling. Foto: Kjetil Rydland.

Festfotball av gutelaget

Gutelaget leverte festfotball mot Trio 4 torsdag kveld, og gav seg ikkje før dei hadde scora heile 9 mål. 

17. mai-stemninga hadde ikkje sleppt taket i 16-åringane då dei tok imot Trio 4 på graset i Fitjar Idrettspark torsdag kveld. Ein litt svak motstandar var sjanselaus mot speleglade Fitjar-gutar, og var heldig som slapp unna eit tosifra tap. 


Markus Tislevoll gratulerer Arild Fitjar Waage med mål, medan Trio-spelaren ser litt mørkare på det. Foto: Kjetil Rydland.

Særleg imponerte Arild Fitjar Waage, som involverte seg sterkt over heile banen, og blei lønna med to fine mål. Jonas Aleksandersen imponerte nesten like mykje, med tre mål, av desse kom eitt på straffe. Særleg imponerte han med målet frå 35 meters hald. Jonas har lenge skote som ein vaksen mann, og denne gongen fauk ballen i ein fin boge over alt som var av spelarar og keeperhender før han duppa fint ned i mål rett under tverrliggjaren.


Arild Fitjar Waage var involvert i det meste. Foto: Kjetil Rydland.

Ein annan tremålsscorar fekk gleda av å scora eit like fint mål. Daniel Skarpnes har nase for mål som veldig få på dette nivået. Det finaste målet hans i dag kom då han perfekt møtte ei pasning frå Brede Hovland, og ballen fauk knallhardt i mål. Ei perle!


Tremålsscorar Jonas Aleksandersen legg inn i Trio-feltet. Foto: Kjetil Rydland. 

Det siste målet blei scora av André Lønning. Heile laget spela bra mot eit svakt Trio-lag, som ikkje hadde mykje å stilla opp med. Gutane fekk spelt på seg sjølvtillit, og vonleg vil det spre seg til A-laget, slik at dei òg kan få ein heimesiger snart.

 
Kjekt å scora tre mål synest Jonas Aleksandersen. Foto: Kjetil Rydland. 

Fitjar sitt lag: Jacob Mehammer, Torstein R. Kjelling, Brede Hovland, Svein Arne Raunholm, Daniel Rolfsnes, Jonas Aleksandersen, Arild Fitjar Waage, Markus Helland Tislevoll, Kristian Prestbø,  Marius Helland Storebø, Daniel Skarpnes. Innbytarar: Jonas Moldskred, Markus Gerhardsen, Øyvind Rydland, André Lønning.