Open dag i Engesund

Engesund Visningssenter. Arkivfoto: FP/HCH

Førstkomande laurdag er det Open dag på Engesund Visningssenter. Ei unik mogelegheit til å lære meir om fisk og oppdrett.

Dagleg leiar Lisa Instefjord Gilje fortel til fitjarposten.no at dei vil syte for gratis skyss, omvising – og ein aldri så liten smakebit på laksen til dei som tek turen.

Treng du skyss må du stille ved Dahlebuo, og det vert jamnleg skyssing frå kl 10.00 til 15.00. Har du eigen båt på sjø, er det berre å køyre utom.

I tillegg til alt den levande fisken er det ei historisk utstilling og direkte info å få med seg denne dagen.

Visningssenteret ligg vakkert til, midt i Fitjar sitt øyparadis.

– Men hugs å kle deg etter vêret, oppmodar Lisa, til slutt.