600 000 til rydding 

 

 – SIM har fått ei ekstraløyving frå Miljødirektoratet til rydding av marint avfall frå havbotnen, kasserte eigarlause fritidsbåtar og vanskeleg tilgjengeleg strandlinje, heiter det i ei pressemelding til fitjarposten.no.

  – Dette er me svært godt nøgde med. I fjor fekk me 350 000 kroner, og me ser at summen er auka i år, då me har fått alt me søkte om. Det tek me som eit teikn på at direktoratet er nøgd med jobben som vart gjort i fjor, seier plan- og kommunikasjonsansvarleg i SIM, Janne Hillersøy. 

Selskapet har i mange år arbeidd med avfall knytt til villfyllingar og herrelaust avfall, som til dømes kasserte fritidsbåtar og marin forsøpling, men ein har likevel ikkje oversikt over kor mykje slikt avfall som fins i vårt område.   

– For at me skal få mest mogeleg nytte av midlane treng me innspel frå innbyggjarane dersom ein er kjend med denne typen forsøpling. SIM vil deretter vurdere eit dugnadstilskot til lag/organisasjonar som kan ta på seg å transportere vekk avfallet.  

71 søknadar kom inn til Miljødirekoratet og 22 tiltak fekk innvilga sin søknad, skriv Hillersøy, til slutt.