John Karsten Raunholms 17. mai-tale

John Karsten Raunholm 17. mai 2016 i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. Foto: Håkon C. Hartvedt

Mange var begeistra etter John Karsten Raunholm sin 17.mai-tale i Kultursalen på 17. mai. Fitjarposten legg difor ut heile  talen som du kan lese nedanfor.

 17. MAI I FITJAR 2016

Tale for dagen ved John Karsten Raunholm

Gratulerer med dagen! Hurra for 17. mai. Endeleg har dagen kome som me har venta på. Eit høgdepunkt i kvardagen der anna arbeid vert lagt på vent. Me tek oss tid til å markera nasjonaldagen vår på ein skikkeleg måte. Å vera 17. mai talar kan vera ei utfordring særleg då eg les om at slike talar hadde vanskeleg for bli hugsa av folk flest. Dermed kan det henda at eg har ei større utfordring enn det eg trudde i utgangspunktet. Spørsmålet blir: Kva må til for at ein skal få poenga i talen til å festa seg i minnet?  I 2010 held eg 17. mai talen i parken. Då tok eg utgangspunkt i heimstaden min og tala varm om den. Eg prøvde til slutt å innlemma heile bygda for å få med den naturlege heilskapen. Etter talen kom det ein kar bort til meg og sa følgjande. Du tok deg fint inn igjen. Den kommentaren varma.

Dagen i dag starta nok i går for mange i form av stryking av bunadar og anna finstas. Flagg, sløyfer, lurar og horn vart funnen fram. Ein prosess som er med på å laga forventningar til denne store dagen. Sjølvaste fødselsdagen til nasjonen vår. Det er ei gleda å sjå kor samlande denne dagen er. Alle kjenner ei indre yr glede og optimisme. Me møtest på ulike arenaer og med ulike oppdrag finpynta til fest. I dag er det flagga, hurraropa, toget,  hornmusikken og festkledde folk som pregar bygda. Alle er pynta til fest. Barn og vaksne frå dei ulike krinsane, folk frå bygda sentralt, tilflyttarar, besøkjande og våre nye landsmenn frå ulike delar ar verda.

Naturforholda kring nasjonaldagen vår er heilt spesiell. Dette er den store vårfesten etter ein lang vinter. Bjørka er grøn i år. Heggen blømer og på Helland gjel Gauken? Ein av mange fine nasjonalsongar uttrykkjer seg slik. Gud signe vårt dyre fedreland og lat det som hagen bløma. I denne songen er det mange gode poeng, historiske, frå dagleglivet og frå den kristne kulturarva.

 

Kvifor feirar me 17. mai?  Det veit nok dei aller fleste. Det er sjølvaste fødselsdagen til landet vårt. Det er derfor me oppfører oss slik. Det er ein festdag. 17. mai 1814 vart grunnlova vedteken på Eidsvoll. Noreg var den gongen ikkje eit fritt land. Me hadde vore i union med Danmark i 400 år og kom etter Kielfreden i 1814 i union med Sverige.

17. mai feiringa tok til utover på 1820 talet. Det var Henrik Wergeland som gjorde 17. mai til ein folkefest. Det var for å visa den norske identiteten og nasjonalkjensla som grunnlova førte med seg. I 1870 tok Bjørnstjerne Bjørnson saman med andre initiativet til det første barnetoget i Christiania. 

Dette var ein skikkeleg opptur, men etter oppturar kjem det ofte korreksjonar eller nedturar. I 1880 og 1890 åra var folket splitta. Høgrefolka og venstrefolka hadde sine eigne 17. mai talarar og sine eigne tog. Men då unionen med Sverige vart oppløyst i 1905 stod me igjen samla. Borte var motsetningane frå tidlegare år. Nasjonalkjensla var på topp. I 1920 og 30 åra vart det igjen vanskeleg. Den gongen var det usemje mellom byborgarane og arbeidarane. 

Arbeidsløysa var med på å spissa denne konflikten. Ute i Europa skjedde det store endringar og nazistaten Tyskland  vaks seg stor og sterk. 9. april 1940 senka mørkret seg over landet. Tyskarane kom og tok fridomen frå oss. Me fekk ikkje heisa flagget lenger. Me fekk ikkje seie det me ville. Innhaldet i skulen vart prega av tysk propaganda. Tyskarane styrte pengane våre, konge og regjering måtte flykta. Mange nordmenn vart drepne gjennom desse vanskelege åra. Også folk frå Fitjar stod for heltemodig innsats enten i motastandsrørsla eller som frontkjemparar. Dei kjempa til siste åndedrag for fedrelandet sitt. Dette står det respekt av og me må ikkje gløyma.

Ein kjent diktar formulerte seg slik. I dag står flaggstonga naken, bak Eidsvolls grønende trær, men nettopp i denne time, veit me kva fridom er.

Mai dagane i 1945, for over 70 år sidan må ha vore fantastiske å oppleva. Eg trur eit knakande godt revyinnslag, ein Northug spurt eller ein Geir Skeie spesial ville ha bleikna i denne samanhengen. Tenk ein slik lykkerus. Flagget kunne heisast. Kongen vende tilbake. Eg trur mest alle var på plass for å kjenna på kva fridom eigentleg ville seia. På nytt vart nasjonalkjensla og markeringa av grunnlovsdagen samlande for alle. 

Korleis klarar me å halda på denne tradisjonen?

Fokuset som barn og unge får gjennom barnehagane og skulane er nok litt av nøkkelen til det heile. Gjennom opplæringa får dei kjennskap til historia og tradisjonane som ligg bak. Dette er viktig. Me må ikkje bli historielause. Hadde me ikkje hatt barnetoget og dei gode opplevingane som barn og unge får med seg denne dagen så hadde nok dagen kanskje etter kvart visna bort. Her har me ei viktig samfunnsoppgåve. Me må løfta dagen fram (folk i alle aldrar må vera med på dette) Sit ikkje heime.

Dei unge i dag er rett nok annleis enn før. No et dei ikkje lenger, no er dei så fine på det at dei set seg til bords for å  spisa. Dei ser ikkje lenger eit ikodna, men no ser dei eit ekkorn. Dei blir faktisk ikkje sinte lenger heller. Får dei det ikkje  slik dei vil ha det, så klikka da for dei. Mykje endrar seg, men rettferdssansen har dei fleste unge godt forankra og det er eit godt utgangspunkt.

Barn og unge må alt frå tidlege barndomsår, gjennom barnehage og skule bli opplærte i demokratiske tenkje og handlemåtar. Der må ein tola både medgang og motgang. Ein må forankra einskildindividet sin rett til å få uttala seg innanfor rimelighetens grenser. Ein må tola at andre tenkjer og handlar annleis enn seg sjølv. Samfunnet må leggja grobotn for gode møteplassar gjennom ungdomsråd, eldreråd, lag, organisasjonar og politiske partier. Det er viktig med tidleg innsats i høve barn og unge sin tenkjemåte. Her har heimen og barnehagen/skulen ei utruleg viktig rolle. Me som vaksne ynskjer at borna våre skal få leva i fridom og fred. Dette gjeld like mykje for lokalsamfunnet Fitjar også. Me må tola ulike meiningar og ulike måtar å vera på. 

Festdagen 17. mai må minna oss om desse grunnleggjande elementa både lokalt og nasjonalt. Det er ikkje gitt at det skal vera slik. Me treng ikkje gå langt ut i Europa før me ser konfliktar som fører til hat, fiendskap og splitta familestrukturar. Dette fører til ein vanskeleg og utrygg kvardag. Slik vil me ikkje ha det.

La gleda over dagen, festkledde mennesker, toget, hornmusikken og hurraropa mana oss til vidare innsats for ytringsfridom og demokratiske tenkjemåtar.

Denne vinteren og våren har mykje av fokuset lokalt vore retta mot prosessane kring kommunesamanslåing. Avtalar har blitt underskrivne og bygdefolket har blitt informert gjennom folkemøter. Eit av argumenta som har blitt framheva i denne prosessen har vore at lokaldemokratiet skal bli betre ved å slå saman kommunar. Dette argumentet har eg ikkje forstått, men eg prøvar aktivt å forstå det. Du kan byggja demokratiet frå botnen familien, grendalaget, skule/barnehage,  kommune, fylke og nasjon. Når du føler at du mistar delar av sjølvråderetten vert dette ei utfordring. Når du i tillegg opplever at økonomisk tvang ligg bak vert dette vanskeleg. Av den grunn sa ikkje  Fitjarbuen nei, men dei sa NEI med ein ekstra snert i røysta. 

No må me  snarast koma oss vidare: Første delmålet er å koma oss over grensa på 3200 innbyggjarar slik at me slepp å bry oss med småkommunetillegget  som til stadigheit kjem fram. Me må bli store og rekna oss som store. Auka innbyggjartal fører til auka inntekter som kompenserer for dette. Sikkert også utgifter ville rådmannen sagt. Kråko hytteområde, gode kommunal tenestetilbod, vakker natur, gode arbeidsplassar og eit kjekt folkeslag gjer bygda attraktiv. – Og folk flyttar til bygda. Me er alt ein vekstkommune. Pengane strøymer inn i kommunekassen. Om enn ikkje i strie straumar, men mange bekkar små blir som kjent til ein stor Å. Men de som er i fertil alder må skjerpa dykk. Som skulesjef så veit eg alt om fødslar og prognosar. Siste åra har tala gått ned. Noko må gjerast skal me koma over 3200 grensa og det straks. For ca 30 år sidan sa Gustav i Levåg følgjande. De må leggja dåke til å kvila med jentene. Det trur eg er ein god ide. Du får garantert eit betre utbyte av dette, enn å sitja å knasta på eit tastatur for å fortelja om det du har gjort og det du har tenkt å gjera. 

I 1994 traff eg Armelyn Garcia Mehammer for første gong. Ho kom frå verdsmetropolen Manilla på Fillippinene. Berre 19 år gamal vart ho gift med min gode kamerat og nabo Gunnar Mehammer. Frå Manilla til Hageberg var det ei lang reise og kontrastane ved ankomst enorme. Jenta virka kjekk, men eg må jo innrømma at me var litt skeptiske og at me syntes risikofaktoren var høg. Fram til i dag har me sett at dette har vore ei fantastisk reise. Ho vart raskt godt integrert i lokalsamfunnet, men det har sikkert ikkje altid vore like enkelt, der nær familie og heim låg på motsett side av jordkloden. Me prøvde å snakka mest mogeleg med ho og ikkje om ho. Saman med Gunnar har dei stifta ein flott familie som bidreg på alle plan. Dei er med i lag og organisasjonar, tek del i skulekorps, idrettslag og gjennom Fitjarklubben. Gjennom Armelyn har me lært Fillipinsk kultur å kjenna. Særleg gjennom den gode maten ho lagar. Det er sjeldan kø på Strando, men når det er Filippinsk mat på menyen på grendahuset så er det fullbooka. Dette er berre eit døme på god integrering. Det er mange slike døme rundt omkring i Fitjarbygda. 

Gjennom mange år har det kome arbeidsinnvandrara til Fitjar og sist år tok me imot mange syriske flyktningar. Fitjarbygda har blitt ein fleirkulturell stad å vera. Eg har gjennom jobben min fått gleda av å møta mange av dei nye innbyggjarane. God språkopplæring er viktigast av alt. Gjennom samtalar uttrykkjer mange av dei som har kome til bygda som flyktningar stor takksemd. Fitjarbuen har også vore raus ved å strekkja ut ei utstrakt hand. God integrering kjem ikkje av seg sjølve ein må laga gode møteplassar. I barnehage, skule, og frivillige lag og organisasjonar.

Særleg Fitjarklubben har eg store forventningar til og merk at denne er også meint for Fitjarbuen. Det å få fram identitet, verdigrunnlag, religion, matvanar, klede og tenkjemåte er viktig. Og ikkje minst få ei forståing for ulikskapane og akseptera desse som ein del av mangfoldet. På den måten unngår ein å skapa framandfrykt. God integrering handlar om å snakka med og ikkje om kvarandre. Våre nye landsmenn vil kunna bidra med noko nytt inn i lokalsamfunnet vårt. Noko som vil gje samfunnet vårt ein ekstra dimmensjon. 

Me lever i eit samensett samfunn og kommuniserer på ulike måtar. Gjennom sosiale medier vert meiningar, bilete og tankar spreidde i eit stort nettverk. Ansvaret for måten ein kommuniserer på ligg hos den einskilde. Barn og unge vert åtvara mot den krafta som eit slikt medieum fører med seg. Likevel ser me stundom at feil bruk fører til mobbing og negativ omtale av andre. Her ber alle eit stort ansvar, særleg dei vaksne som er rollemodellar for dei unge. Ved skulane har me innført nulltoleranse mot krenkande åtferd. Negative ord og yttrykk om andre skal ein ikkje bruka. Det er lov å vera ueneig og føra ein samtale der ulike argument vert nytta til gunst for sitt synspunkt så lenge det er innafor rimelighetens grenser. Eg understreker igjen vaksenrolle i høve til å vera rollemodell. Dette gjeld t.d. for samtalar i heimane der andre vert omtala. Hugs at små gryter har også øyrer. Har du noko du vil korrigera, så snakk med den personen det gjeld. Det går an å formidla ein bodskap på ein fin måte. Du er ein flott type, men måten du oppførte deg på i går var ikkje heilt bra.

I eit velfungerande samfunn er det viktig at alle som kan bidreg. Fitjarbuen har vore flink til å markera seg både lokalt og nasjonalt og har ofte lege i front til å tenkja framover. Båtar designa og teikna på Fitjar kryssar alle verdshava. Fitjar mekaniske har stått opp att som ein fugl fønix. Mykje takka vera eit unikt samarbeid med Heimli Ship Design. Rognkjeksa som me tidlegara heiv på sjøden har blitt salsvare. Smolt og laks  gir klingand mynt i kassen. Vindmølleparken produserer fornybar energi og bidreg aktivt inn i kommuneøkonomien. Innovasjon og nytenking er stikkordet. Alle idèar let seg ikkje realiserast, då er det viktig å handla raskt. Det er berre å  gjera ei kuvending og setja seg  nye mål. Mulighetane ligg der.  

Me har fostra opp stortingsrepresentantar, olympiske medaljesankarar, ein verdsmeister og ein del lokale verdsmeistrar i tillegg. Revyane e framleis så løgne at tusenvis kjem til bygda for å sjå kva folkeslag dette er. Kråko hytteområde gir positive ringverknadar langt utover regionen Sunnhordland sine grenser.

Frivilleg arbeid står også sentralt. Opp Vistvikedalen har ein enskildperson fungert som skjerpa i lang tid. Til glede for alle fjellfarande. Eldskjeler arbeider aktivt inn i forhold til Osternes festning. Neserevyen sette eit heilt grendalag i arbeid over lang tid. Skulekorpset har gleda mange i friluftslivets år saman med konsulatet i Rossneset. Bygdekvinnelaget har engasjert seg inn mot våre nye landsmenn. I Øvrebygda vert ein så involvert i rallysport at ein like godt set seg bak rattet i godt moden alder. Og kjem du til Dåfjorden der mange driftige folk er samla så har dei omtala såpotetene gjennom lokalpressa i lang tid. Og no har dei vel fått dei bokstavel tala i jord også.

Legg du saman alle desse faktorane som eg no har nemnt så så handlar dette om dei samlande elementa som nasjonaldagen består av. Denne dagen har me markert og det er utruleg viktig at me markerer den vidare. Dette er felleskspet sin dag. Sjølve symbolet på å leva i eit fritt, trygt og demokratisk land.

Nasjonalkjensla, ytringsfridomen, demokratiet og det fellesskapet me har klart å leggja til grunn til glede for alle.

Eg sa innledningsvis at 17. mai talar hadde vanskar med å festa seg hos folk flest. No skal eg hjelpa Dykk litt. De skal kun huska på 4 element frå denne talen.

– Me må ikkje bli historielause, 17. mai må haldast i hevd som ein festdag.

– Vern om lokaldemokratiet og bruk det aktivt i kvardagen

– Snakk med folk i staden for om folk

– Delta aktivt i lokalsamfunnet. Sjå mogelegheitane og gjer noko med dei.

Dette blir enkelt å hugsa på og som Ingebrigt Sørfonn sa det  i sin tale i fjor. JUST DO IT!

Hipp Hipp Hurra for 17. mai

Ha ein fin nasjonaldag vidare.