Ledige plassar i Kulturskulen

Håvard Kroka. Foto: Håkon C. Hartvedt

Det er ledige plassar i Fitjar musikk- og kulturskule. – Sjølv om søknadsfristen er gått ut, er det berre å søkja, seier rektor Håvard Kroka til fitjarposten.no.

Ledige plassar er det på dans, drama, visuelle kunstfag, song, band, tverrfløyte og aspirant undervisning til Fitjar Skulekorps.

Når det gjeld opplæring på andre instrument som slagverk, gitar, el.bass, fiolin og piano, går det an å setje seg opp på venteliste. Det vert kontinuerleg opptak når plassar vert ledige.

Dersom nokon har spørsmål med tanke på dei einskilde tilboda vert dei oppmoda om å kontakte kulturskulen pr. epost eller telefon. Kontaktinformasjon er å finne på Fitjar kommune si heimeside.

Kroka fortel elles til fitjarposten.no at skulen no har 170 elevplassar, og at han er stolt over tilbodet skulen kan gje og over korleis han er bygt opp dei siste åra. 

Han minner òg om sommarkonserten som skulen skal ha 9. juni. Der får ein sjå og høyre framføringar av ulik slag. 

–Ja, då får me presentert det meste av det me står for, smiler Håvard Kroka, til slutt.

1. august er Fitjar kulturskule 40 år.

Les meir her.