Martin Pedersen t.v. tok turen til heimbygda, saman med bunadskledde Ruben Træet og Markus H. Tislevoll. Foto: Kjetil Rydland.

17. mai i krinsane

Etter arrangementet i Fitjar sentrum heldt 17. mai-feringa fram i krinsane, slik tradisjonen er.

Fitjarposten tok turen til Hageberg skule, der me møtte ei samling fastbuande og utflytta strandarar.

Stranda Vel hadde kafé i skulehuset og arrangerte konkurransar ute og inne. På programmet stod blant anna dart, hesteskokasting og spikerkonkurranse.

Vêret var bra, det same var stemninga, sjølv om det var litt færre folk enn sist me var der på ein 17. mai. 


Det var lett å sjå at det ikkje var første gongen Gerd Eide kasta hestesko. Foto: Kjetil Rydland. 


Gerd Eide var ikkje den einaste som måtte prøva seg med hestesko. 


Torkel Helgaland t.v. adminstrerte planken, spikeren og hammeren denne gongen. Her er det Liv Hanna Raunholm som prøver seg. Foto: Kjetil Rydland.


Liv Hanna måler resultatet sitt. Ho hadde sterk konkurranse frå erfarne bygningsfolk, så det spørst om ho nådde opp. Foto: Kjetil Rydland.