Linerlene har anna å tenkja på og gir blaffen i trafikken på vegen. Foto: Kjetil Rydland.

Kåte linerler sperra vegen

På morgonen 17. mai sperra sperra eit par linerler vegen på Reino for å gjennomføra kjønnsakta. 

Dei risikerte liv og helse for å gjennomføra paringa, dei to linerlene me heldt på å køyra over på Reino 17. mai. Då me skulle passera Reino litt over halv åtte om morgonen, var vegen oppteken av to erler som hadde alt anna å tenkja på enn å følgja med på trafikken. 

LInerla er ein trekkfugl som er vanleg fugl i heile Noreg. Fuglen kjem til oss i april eller mai for å hekka. Vonleg fører gårsdagens innsats til at dei klarer å fø opp eit nytt kull ungar før dei reiser tilbake til Syden, dvs. til Sør-Europa, Nord-Afrika eller Midtausten. 


Erlene lar bilane venta medan dei gjer seg klare … 


til å gjennomføra paringa. Foto: Kjetil Rydland.