Leen si historie

Leen Badr. Foto: Håkon C. Hartvedt

Nedanfor kan du lese 12-årige Leen Badr si historie slik ho framførte ho i Kulturhuset tidlegare i dag. Foreldra fortel at ho har skrive alt sjølv.

«Gratulera med dagen.

Eg heiter Leen. Eg er 12 år.  Eg kom frå Syria. Vi flytta til Norge fordi det er krig i landet mitt. Huset mitt er bomba, så vi kan ikkje bu i huset. Vi kan heller ikkje gå på skule.

Vi reiste til Libanon. Der budde vi i to år, så reiste vi til Tyrkia. Der var vi i to veker, før vi reiste til Hellas. I Hellas gjekk eg ikkje på skule, og eg var ikkje glad i å bu i Hellas.  Det var vanskeleg.

Mamma og lillesøster reiste med båt til Italia. Båttuten tok ni dagar.

I Hellas budde vi på ei lita øy. Det var lite mat og drikke. Vi måtte sove tre dagar ute på vegen, folk gav oss litt mat og noko å drikke. Etter tre dagar fekk vi låne eit rom i ein kjellar. Der budde eg, broren min og faren min.

Mamma og lillesøster kom til Norge, og vi venta på å få reise dit og vere saman med dei. Etter åtte månader fekk vi reise til Norge! Eg vart veldig glad. Søster til mamma bur i Bergen. Ho fortalte at Norge var eit veldig koseleg land. Der har dei respekt for andre og hjelper alle. Der ville eg bu!

Eg budde i mottak i to månader saman med familien min. Der hadde vi det bra, og vi fekk vere saman igjen! På mottaket var det folk frå mange land, dei snakka bare engelsk og ikkje norsk.

Norge er bra. Eg er glad for å bu i Norge, og det er veldig bra her på Fitjar. Her får eg gå på skule, og eg har mange venner som er snille med meg. Vi spelar fotball saman, går på tur eller besøker kvarandre. Folk i Fitjar er snille. Heile familien har fått mange gode venner.

I Norge kan eg gå på skule, vere ute og leike med vennene mine og sove trygt, utan å vere redd. I Syria er det ikkje sånn.

I Norge er det frihet.

I Norge er alle viktige. Folk får vere med og bestemme. 

Derfor er eg veldig glad for at vi bur i Norge no, og at vi får feire 17. mai saman med folk på Fitjar.

Gratulera til Norge og til fitjarbuen på nasjonaldagen!

Takk for meg.»