Barnetog med liv og røre

Foto: Håkon C. Hartvedt

Barnetoget i Fitjar i dag var langt og flott. Og skuleelevane skapte liv og røre med spenstige «klasserop» på rim, slik det skal vere på 17. mai. Kjekt at denne tradisjonen ikkje har døydd ut.

 

I fronten av toget gjekk denne gongen, Terje Træet. – Korleis er det å ta over hovudfana etter Vidar Larsen, spør vi. – Vel, det blir som å hoppa etter Hjalles, ler Terje, vel vitande om at Hjallis ikkje var skihoppar. Foto: Håkon C. Hartvedt

Toget gjekk som vanleg innom institusjonane i Havn, og fleire av bebuarane stod klare til å ta imot dei. Foto: Håkon C. Hartvedt

Foto: Håkon C. Hartvedt

Og når regnet og nordavinden heldt seg vekke, vart det ei flott stund, både for store og små.