Prest Lina Håland avsluttar gudstenesta på vakkert vis med «Just a closer walk with Thee». Foto: Kjetil Rydland. 

Friluftsgudsteneste ved Kidnavatnet

Rundt 100 personar deltok under friluftsgudstenesta ved Kidnavatnet andre pinstidag.

I litt kjølig, men fint pinstivêr blei friluftsgudstenesta avvikla i går. Dette er ein god tradisjon som Stord-Fitjar Turlag og Fitjar kyrkje har samarbeidd om i ein del år. Rundt hundre soknebarn fann vegen til fjells. Dei som ikkje såg seg syn med å gå til fots heilt opp til Kidnavatnet, fekk skyss. Som vanleg var alle generasjonar godt representerte, med soknebarn frå under eitt år til over 90.


Kyrkjeverje Harald Rydland med dottera Maren. Selbuvottane var gode å ha i pausane mellom songane. Foto: Kjetil Rydland.

Gudstenesta vart leia av sokneprest Olav J. Oma, som denne gongen måtte klara seg utan klokkar. Men han fekk god hjelp med salmesongen av kyrkjeverje Harald Rydland på trekkspel. Og som avslutning song den unge Uskedals-presten Lina Håland «Just a closer walk with Thee» – særs vakkert!

Etter gudstenesta smakte det godt med kyrkjekaffi og litt heimebakst før turen gjekk heimover eller vidare til fjells. Turleiar Eli Vestbøstad tok med seg ein flokk over Beinatjønnsvarden, medan enkelte andre fann andre turmål i fjellet før dei vende heim. Dei som ikkje allereie hadde høyrt han før i år, kunne gle seg over at gauken gol i Midtfjellet i går.


I denne sørhellinga fann forsamlinga ly for nordavinden. Foto: Kjetil Rydland.