Jenter 13 jublar etter siger over Stord 3. Foto: Kjetil Rydland.

Flott Fitjar-innsats på Handballfestivalen

I det vakre, men litt kjølige pinstivêret markerte tre lag frå Fitjar seg med flott innsats under Handballfestivalen på Stord.

Under årest høgdepunkt på handballbanen stilte Fitjar med desse tre laga; Jenter 10, Gutar 11 og Jenter 13. Etter den høgtidelege opninga på torget laurdag føremiddag, blei det ei rad gode kampar i det fine spelevêret.

 
Fitjar-gutane kjempa lenge jamt med Stord. Foto: Kjetil Rydland. 

Gutane viste mykje fint spel, og slo både Os og Kjøkkelvik i jamne kampar. Då me fekk høve til å sjå på dei, kjempa dei lenge jamt med Stord, før overmakta blei for sterk. Elles blei det fleire tøffe kampar, blant anna ein stjernesmell mot Tertnes. Men det såg ikkje ut til å ta motet frå dei tapre Fitjar-gutane.


Selma Andresen klarer ikkje å hindra Elisabet R. Sæbø i å skyta. Foto: Kjetil Rydland.

Dei minste jentene greidde seg godt mot Bergens-laga, og vann over både Sædalen, Åsane og Askøy. Mathopen blei for sterke; det same blei «erkefienden» Stord, som vann 9-8 til slutt. Jentene viste jamt god innsats, og me ser allereie fram til å sjå dei igjen på handballbanen til hausten. Men no tek dei pause frå handballen og er klare for fotballsesongen.


Foreldre på plass i Prestagardskogen med kubjølle fekk mykje å gle seg over. Foto: Kjetil Rydland.

Jentene i 13-årsklassen fekk to stjernesmellar på laurdag, mot Mathopen og Fyllingen. Men søndag gjekk det betre; dei sleit seg til eittmålssiger både mot Sædalen 2 og Stord 3. Dermed kunne trenarane Liljan V. Waage og Ingunn Thorland sleppa jubelen laus for tredjeplass i puljen og plass i B-sluttspelet. Åttedelsfinalen mot Rival 2 vann dei 7-6, men i kvartfinalen søndag kveld blei det bråstopp med tap 4-10 for Åkra.


Victoria Maraas imponerte som keeper på 13-årslaget til Fitjar. Foto: Kjetil Rydland. 


Så kjekt er det med scoring mot Stord! Foto: Kjetil Rydland.


Spanande sluttminutt i kampen mot Stord 3. Foto: Kjetil Rydland.

Ein solid kontingent foreldre og andre supporterar tok turen til Stord i det fine spelevêret. Dei fekk mykje fint spel å gle seg over, og me ser allereie fram til å sjå att både spelarar og støttespelarar i idrettshallen til hausten 

Oversikt over resultata frå Handballfestivalen 2016 finn på på profixio.com.