Lager nytt sjøkart

Kartverket sin båt «Hydrograf» har ei tid lege ankra opp på Meierikaien. – Oppgåva er å lage eit nytt sjøkart nr. 19. Det fortel Jim Stoknes (biletet) om bord. Foto: Håkon C. Hartvedt

M/S «Hydrograf». Foto: Håkon C. Hartvedt

 – Frå Fitjar dreg me ut med mindre båtar og gjer målingar frå Brandasund og sørover til Søre Bømlo, og det heile skal ende opp i eit nytt Sjøkart nr. 19, seier han til fitjarposten.no. 

Han fortel at det fort kan gå eit år før det nye kartet er ferdig, men understrekar at om dei finn nye grunnar, vil dei bli gjort kjent gjennom EFS-en.

For å gjere målingane nyttar dei Simrad sitt EM2040. Det er som om det står 500 ekkolodd ved sida av kvarandre, og slik ser me sidane òg – noko som gjer at me får eit svært godt grunnlag for å lage nye kart.

– Når dei mindre båtane kjem inn til Hydrograf med målingane, vert dei handsama i eit stort datarom nede i båten. – Mykje av arbeidet her går ut på å reinska og kvalitetssikra, fortel Jim.

På Fitjar vert dei liggjande til rundt 20. mai, og når dataa har gått igjennom «heile produksjonslinja», kjem det nytt kart, seier Jim Stoknes til slutt.

Dei mindre båtane. Foto: Håkon C. Hartvedt