Loppemarknad for fartsglade ungdomar

Denne Racingteamgjengen selde capsar og T-skjorter. I rommet til høgre var det spennande lopper. F.v. Ailin Vik, Rea Mitrovic og Marie Bukkøy Langeland. Foto: Håkon C. Hartvedt

Fredag og laurdag var det loppemarknad på Sandvikvåg. Inntektene går til dei fartsfylte ungdomane i Fitjar Racingteam. Nokon køyrer sjølv. Andre er med i støttegruppa rundt teamet.

Me snakkar altså ikkje om unge råkøyrarar, men om ungdomar som tek ut denne gleda på bane og i kontrollerte former. Fitjar Racingteam har satsa godt i mange år, og no vil dei gje dei yngste eit løft.

Difor loppemarknad.

Det er initiativtakar Elisabeth Vågen som fortel dette til Fitjarposten. Ho samla lopper sidan jul, og fleire fekk ho – og no vart loppemarknaden ein realitet, med gode pengar til Racingteamet.

– Det har vore bra med folk, og salet har gått bra, smiler ei nøgd Elisabeth Vågen.