Sindre Aarbø, i midten, får instruksjonar av to eldsjeler, Rolf-Atle Rolfsnes t.v. og Øyvind Skålevik. Foto: Kjetil Rydland.

Orientering – ein sport for heile familien

Orienteringssporten er ein familievennleg sport med vind i segla i Fitjar, ikkje minst takka vere eldsjeler som aldri kviler.

På Verdas orienteringsdag, onsdag denne veka, fekk me høve til å snakka med ein av dei mest ihuga av alle, Rolf-Atle Rolfsnes. Han er leiar i o-gruppa i Fitjar Idrettslag, og har mykje av æra for at denne familiesporten har blomstra hos oss dei siste åra. 

Verdas orienteringsdag
Ikkje overraskande tok orienteringsgruppa i Fitjar imot utfordringa frå Norsk Orientering og Det Internasjonale Orienteringsforbundet og var med på dette verdsomspennande tiltaket. Denne gongen ville dei setja rekord med å få til saman 250 000 løparar ut på ein aller annan orienteringsaktivitet på same dagen, onsdag 11. mai, i 80 land over heile verda. Det viktigaste poenget var likevel å gi flest mogeleg barn og unge spanande opplevingar og å gjera idretten kjend for fleire.

Fitjarkarusellen
Rolf-Atle Rolfsnes var på plass på velteplassen sør for byggjefeltet i Fitjarstølane saman med ei anna eldsjel, Øyvind Skålevik, då deltakarane strøymde på onsdag ettermiddag. Dei lét det ordinære løpet i Fitjarkarusellen inngå i det verdsomspennande rekordforsøket. Kvar onsdag i sesongen samlast o-folket i Fitjar anten til trening eller til løp i Fitjarkarusellen. Godt over 30 deltakarar hadde funne vegen til o-løypa denne onsdagen, i det finaste maiveret i Fitjar på 10 år. 

Nybyrjarkurs
O-folket er flinke å rekruttera nye orienteringsløparar, og onsdag 16. mars arrangerte dei nybyrjarkurs i Fitjar kultur-og idrettsbygg. Her fekk dei håpefulle innføring i korleis dei skal finna fram i terrenget ved hjelp av kart og kompass. Praksis fekk dei i Rossneset onsdag 30. mars. Frammøtet var bra; godt over 20 nye unge o-løparar er no klare til å orientera seg i skog og mark.

KM i nattorientering
I april skipa Fitjar til kretsmeisterskap i nattorientering for Hordaland og Rogaland o-kretsar. Vinteren hadde ikkje heilt sleppt taket, men dei fekk bra forhold då starten gjekk frå Olstjødno frå klokka 22 om kvelden, fredag 15. april. I delvis måneskin fullførte 52 løparar løpet oppover mot Kidno og Tveitafjellet, og arrangementet blei ein suksess.

Finn fram-dagen
Fitjar har i mange år delteke på denne landsomfattande tiltaket. Dei siste åra har ordførar Wenche Tislevoll vore med og kasta glans. 1. mai i fjor var over 100 små og store samla i Sælevik, og blei geleida rundt Revuretjødno og Stokkavatnet av Annar Westerheim og ordføraren vår. I år blei det laga til tursti frå «Konsulatet» i Rossneset. Denne gongen var òg skulekorpset med på arrangementet. 

Turorientering – stolpejakt
Turorienteringa i Noreg feirar 50 år i år, og Fitjar har allereie vore med i mange år. Turoposen kan kjøpast på MX Sport, Videoen, Fitjar Fjorhotell eller på internett. Her er det kart med postar i Sælevik, Øvrebygda og Midtfjellet. Stolpejakta er gratis, med postar i sentrum, Rossneset og på Vestbøstad og Kalveid. Kart kan hentast ved Spar i Larsen-bygget, Fitjar kultur- og idrettsbygg eller lastast ned frå internett. 

Fellesturar
O-folket har tradisjon for å reisa på tur i lag. Mange fitjarbuar har gode minne frå fellesturar der heile familiar har reist saman, og gjerne saman med orienteringsfolk frå naboklubben på Stord. I år blir det fellestur med overnatting til Odda i august. som kjent har o-leiar Rolf-Atle Rolfsnes gode kontaktar der inne etter å ha budd 18 år i Odda. Medan han budde der, var han, blant mykje anna, leiar for treningskomiteen i Hordaland Orienteringskrets. Han fortel at ein sommar rakk han over heile 25 løp på ein månad! I sommar deltar Rolf-Atle sjølv på to løp i Stryn og to i Alesund, i tillegg til fleire fellesturar.

Midtfjelletdagen og leir
10. september skipar friidrettsgruppa motbakkeløpet Først til mølla, og same dagen arrangerer o-gruppa Møllesprinten i Midtfjellet. Rolf-Atle reknar med å samla o-folk frå Odda og Stord til pizza, quiz og familieleir denne helga. 

Familievennleg sport
Orientering er ein særs familievennleg sport som høver for folk i alle aldrar. Den gamle eldsjela Harald Westerheim har fylt 70, medan fleire deltakarar onsdag kveld ikkje har begynt på skulen. Vesle Sofie har ikkje fylt seks år enno, men Per Bergesen fortel at ho allereie har vore med i to år!

Det som er heilt sikkert, er at all denne aktiviteten ikkje «gjer seg sjølv», noko o-leiar Rolf-Atle Rolfsnes ikkje legg skjul på. Men han har naturlegvis god hjelp av ein annan «evighetsmaskin», Øyvind Skålevik. I tillegg er både Geir Arne Isdahl, Per Audun Kloster, Sigmund Sætre, Harald Westerheim og Mette Fitjar viktige støttespelarar. Kor han hentar tid og krefter veit me ikkje, kanskje me ser eit prov på at frisk luft er til velsigning både for sinn og skinn. 


Her blei Fitjarkarusellen avvikla på Verdas orienteringsdag onsdag denne veka. Kvar deltakar har ei slik brikke som ligg på deltakarlista, og den blir brukt til å registrera seg på postane og til å ta tida. Foto: Kjetil Rydland. 


Seks år gamle Samuel Aarbø Olsen er ein stolt representant for den unge generasjon o-løparar i Fitjar. Her registrerer han seg i mål med brikka si. Foto: Kjetil Rydand.


Her har Samuel fått utskrift som viser at han brukte 23,34 sekund på løypa i sitt aller første orienteringsløp. Foto: Kjetil Rydland.