Ny mann og nytt deksel med ny farge og nytt nummer, men vogna er mykje godt den same. Foto: Kjetil Rydland.

Crosskart med ny mann bak rattet

Når crosskartsesongen opnar denne helga, stiller Strand Motorsport frå Fitjar med ein ny mann i førarsetet, 18 år gamle Anders Halleråker Strand. 

I over 20 år har Ingve André Strand vore ein av dei beste crosskartførarane i Noreg, og i 2014 blei han norsk meister, etter ei rekkje gode plasseringar. Men no har han overlate førarsetet i den sterkaste vogna til sonen, Anders Halleråker Strand, som dei siste åra har køyrt i den mellomste klassen, 250 ccm. 

– Me begynner med blanke ark, seier Ingve til Fitjarposten. Men om føraren er ny, og fargen er ny, er vogna i store trekk den same. Det gamle kvite dekselet med startnummer 697 er ute av verda. No er det startnummer 612 som gjeld!

Den nye førsteføraren Anders H. Strand har vore innover til Vikedal og trent eit par gonger i april. – Det var litt uvant i byrjinga, vedgår han, i denne vogna er det litt meir power! Faren forsikrar av karten er minst like bra som i hans tid, etter at dei har fiffa han opp og skifta delar her og der. 

Blant anna er setet er nytt, og så har dei måtta leggja inn 17 kilo bly, for junior er noko lettare enn far. Crosskarten skal vega minimum 300 kilo inkludert førar. 

NM-runden i crosskart går ikkje av stabelen før søndag middag. Men allereie i morgon kveld reiser dei innover til Vikedal, for å kosa seg, og hjelpa til med arrangementet.

No blir det den norske meisteren Ingve André sin jobb å stå på plata når startskotet går, medan Anders skal kjempa om ære og pokalar. Den trufaste støttespelaren Sigurd André Maraas er ikkje langt unna, men han er oppteken med andre plikter under arrangementet i Vikedal.

Anders reknar med å delta i alle NM-rundane i sesongen som kjem, og i tillegg skal han delta i NEZ-runden i Høljes neste helg. Det har etter kvart blitt tradisjon at Strand Motorsport tar turen over til Sverige for å køyra der.

Først er det altså NM-runde i Vikedal. Anders reknar vel ikkje med å hevda seg like godt som faren i byrjinga. Det er tøffare å jobba seg opp på eit toppnivå enn å halda seg der, seier Ingve Andre. Men junior er heilt klar på at han vil til A-finalen.