Små kokkar frå Årskog barnehage

 

Foto: Årskog barnehage

Onsdag 20. april var dei ti eldste borna i Årkog barnehage invitert til Fitjar videregåande skule av klasse 1HOB (Helse og oppvekstfag) med lærar Torill Levåg i spissen.

Det er styrar Torhild Alsaker som fortel dette til Fitjarposten. Og ho fortset: – Borna var invitert ned til skulen for å få vera med elevane i klasse 1HOB på kjøkenet og lage til eit betre måltid, med både forrett, middag og dessert. Dette for at elevane skulle få erfaring med å lage mat i lag med og for barn.

Me i barnehagen fekk førespurnad frå lærar, Torill Levåg, for ei stund sida om me ville vera med, og me syntest at dette høyrdest spennande og kjekt ut, så det ville me vera med på. Både små og store hadde gledd seg til denne dagen – og opplevinga sto til forventningane, og endå litt til.

Foto: Årskog barnehage

Engasjement
Borna blei møtt med engasjerte elevar og lærarar som sette barna i sving med ein gong.

Elevane på vidaregåande var fordelt på ulike oppgåver på kjøkenet og delte barna seg i mellom, slik at alle hadde nokon dei hadde ansvar for.

Barna blei fyrst utstyrt med kokkeluer og forkle. Så stod sjølvsagt handvask på programmet før dei blei sett i gang med matlaginga.

Det var heilt fantastisk å sjå på kor gode ungdommane var til å ta borna med, snakka med dei og rettleia dei undervegs. Kjøkenet var prega av ro, konsentrasjon og effektivitet. Flittige hender, små og store, jobba tett i lag og fekk oppgåvene gjort ved å følgje oppskriftene.

Det var nokre stolte småkokkar som sette seg til sjølvdekka bord etter ei lang arbeidsøkt på kjøkenet. Store og små sat samla til eit fellesmåltid til slutt.

Foto: Årskog barnehage

Menyen
På menyen stod: matmuffins, pastagrateng med laks, kvitlauksbrød, smoothie, sunn gulrotkake, bollar og fruktfat.

Det var eit herleg måltid, og dei fleste smakte på det meste.

– Me vil til slutt senda ein stor takk til elevar og lærarar ved Fitjar vgs, 1HOB,  for at me blei invitert og fekk vera med på denne opplevinga.
 Det sette me stoor pris på. Me storkoste oss!!  Tusen takk!!, seier små og store i Årskog barnehage.

Foto: Årskog barnehage

Foto: Årskog barnehage

Foto: Årskog barnehage

Foto: Årskog barnehage

Foto: Årskog barnehage