Påminning frå kommunen 

Illustrasjonsfoto: Etter brannen i Dåfjord for nokre år sidan. Foto: Håkon C. Hartvedt

Fitjar kommune ved brannvesenet vil minne om at det i tida 15. april til 15. september er forbode å gjera opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark. Med skog og anna utmark meinast alt unntatt innmark. 

Ein minner og om at ein kvar har plikt til å visa aktsemd ved utføring av aktivitetar som kan føra til brann.

Å gjere opp eld må forståast vidt og omfattar bruk av eingangsgrill samt bål og peisinnretningar. 

Meteorologisk institutt har og gått ut med obs-varsel for Hordaland fylke, om lokal stor gras og lyngbrannfare inntil det kjem nedbør av betydning. 

Det er òg meldt om vind til helga, noko som vil kunne gjere forholda ennå meir utfordrande.