Dagens Fitjar-spelar, Badi Hurasi, gav Fitjar leiinga tidleg i første omgang. Foto: Kjetil Rydland.

Første heimesigeren lar venta på seg

Fitjar tapte 1-2 for mot Nore Neset på heimebane i kveld, etter å ha leia 1-0 ved pause.

Heller ikkje denne gongen lukkast det for A-laget å innkassera tre poeng på heimebane, då dei møtte blåkledde gjester frå Halhjems-sida måndag kveld. Typisk nok kom dei til kort i andre omgang, då dei måtte sjå Nore Neset snu kampen med aggressivt spel og to scoringar. Då hadde laga hatt kvar sin omgang; Fitjar hadde god kontroll og mange målsjansar før pause, medan gjestene dominerte andre omgang og avgjorde kampen med to mål.


Thomas Vestbøstad Waage med målgivande pasning og fleire fine forsøk i første omgang. Foto: Kjetil Rydland. 

Som vanleg tapte Fitjar andreomgangen etter å ha spela ein god første omgang. Dei kom godt i gang i det fine speleveret, og brukte berre eit kvarter på å ta leiinga. Thomas Vestbøstad Waage la ut på eit fint løp på venstrekanten og slo ballen i ein fin boge over på motsett side. Der kom Badi Hurasi stormande inn i feltet og smelte ballen på direkten i ein mist like fin boge i mål. – Ei klassescoring! for å sitera speaker Ole Bergesen.

Storscorar Thomas V. Waage følgde opp med fleire fine forsøk, men lukkast ikkje i å overlista den gode gjestekeeperen Fredrik Sælen. Det klarte Helge Træet, med eit knallhardt bananskot frå langt hald. Ballen gjekk i ein fin boge over alt og alle, også keeper, men slo i tverrliggjaren og ned på streken og ut i feltet. Der hadde Fitjar og Helge Træet fortent scoring, og det hadde kanskje vore nok til å berga poeng på heimebane i kveld. 

Då Fitjar gjekk til pause med berre 1-0, ante me at kampen kunne snu, slik me har sett tidlegare i år. Og diverre fekk me rett. Eit mykje meir aggressivt Nore Neset kom på banen i andre omgang, og innkasserte fire gule kort og tre poeng etter scoringar frå kort hald. Begge måla kom etter kjapt pasningsspel der Fitjar-forsvaret ikkje klarte å henga med. Den unge keeperen Ruben Træet har lite rutine på A-laget, men kan ikkje lastast for måla, sjølv om han ikkje har like mange matchvinnarredningar i baklomma som onkel Oddgeir. 

Om Nore Neset var best i andre omgang, kunne Fitjar likevel ha berga poeng på slutten. Spesielt då Torbjørn Korsvik løfta ballen over ein utspelt keeper og i tverrliggjaren. Fitjar måtte nok ein gong sjå at motstandaren overtok etter pause, og sikra seg poeng. Dagens Fitjar-spelar blei Badi Hurasi, som i tillegg til den fine scoringa utmerkte seg med fleire fine forsøk mot aggressive kortsamlarar frå Nore Neset. 

Dette var ein kamp Fitjar burde vunne, mot eit lag som så absolutt var råd å koma på talefot med. Men no måtte dei sjå Nore Neset stikka frå, med 12 poeng, medan Fitjar sakkar akterut med sine fire poeng på nedre del av 5.-divisjonstabellen.


Dette var ein nydeleg kveld for fotball, spesielt så lenge bestemor Gerd kunne gle seg over at Ruben heldt Fitjar-buret reint. Foto: Kjetil Rydland.


Nøktern stemning blant Fitjar-supporterane, som speidar forgjeves etter noko å gle seg over i andre omgang. Foto: Kjetil Rydland.

KAMPFAKTA

Fitjar – Nore Neset 1-2 (1-0)
Fitjar Idrettspark
Måndag 9. mai kl. 19.00
Seriekamp 5. divisjon avd. 3 Hordaland
Publikum: 100

Mål: 1-0 Badi Hurasi  (17) 1-1 Ørjan Hellesnes (61.) 1-2 Emilis Zilinskas (78)

Dommar: Geir Inge Myrvold, Eikelandsfjorden IL

Fitjar sitt lag: Ruben Træet, Arild F. Waage, Emil Fitjar, Nils Ingard Tislevoll, Arild Fitjar Waage (Svein Arne Raunholm 81) Helge Træet, Kjell André Thorland, Torbjørn Korsvik (Jonas Aleksandersen 81), Badi Hurasi, Jonas Tislevoll (Marius Helland Storebø 75), Thomas Vestbøstad Waage (Daniel Skarpnes 87).