Fire egg som vonleg har blitt til flygedyktige vipeungar ein gong uti juni. Foto: Kjetil Rydland. 

– Du ska itte røre reiret …

Eit vipereir var berre centimeter frå å bli knust under grøftegraving på Rydland i dag.

Vipa på Rydland kan takka oppmerksame grøftegravarar for at ikkje årets hekking blei resultatlaus.

Lars Rydland fortel at han køyrde rett forbi eit vipereir då han var ute på bakkane for å gjera klar til å grøfta i dag.

Sør mot skogen har han ein bakke som ikkje har vore i bruk på mange år fordi veitene gjekk tette. Her hadde vipa laga seg reir og lagt årets egg i den tru at det var trygt.


Så nær var vipereiret på å bli utsletta av gravemaskinen til Ole Vidar Helland. Foto: Kjetil Rydland.

Men i år hadde Lars Rydland fått med seg nabo og gravemaskinkøyrar Ole Vidar Helland for å reinska opp veitene slik at den unge generasjonen bønder hos Lars kan ta bakken i bruk att.

Heldigvis for vipa køyrde ikkje Lars over vipeegga i dag, og no lar dei området rundt reiret vera i fred til vipekyllingane er klekte og ute av reiret. Truleg vil det skje i løpet av nokre få veker.

Ifølgje Wikipedia rugar vipa på egga i om lag ein månad, og når ungane er fem veker gamle, kan dei fly.

Det er ingen tvil om at det er vipa som eig reiret; for ho fauk lett forvirra rundt og skreik, tydeleg ottefull for korleis det skal gå med årets kull.

Vipa har vore ein vanleg fugl på våre kantar i alle år, men bestanden har gått ned hos oss til liks med dei fleste andre stader. Ei sterkt medverkande årsak er moderniseringa av landbruket.

Men i dag var ho altså heldig og kom ut for oppmerksame grøftegravarar som viste omsyn. Vonleg er dei nye kyllingane snart utklekte og på vengjene.