Lærerikt og til hjelp i livet

Foto: Håkon C. Hartvedt

– Dette var veldig lærerikt, og noko me får bruk for vidare i livet. Det sa Julie Hatlevik Båtsvik og Marta Steinsland (biletet) på Fitjar vgs i ein spontan kommentar etter dr.med. Bjarte Stubhaug sitt foredrag om stress, sinn og kropp i Kultursalen ved starten på skuledagen i dag.

 Elevane er Julie Hatlevik Båtsvik og Marta Steinsland, og Julie kjem kjapt med eit hjartesukk. – Dette skulle me hatt allereie i ungdomsskulen! Men eg ser no endå tydelegare enn før kor viktig det er å tenkje positivt. Det er så lett for at det blir negativt. 

– Det han sa kjenner me oss igjen i, seier Marta, og Julie nikkar og er samd.

– Kanskje er dette den aller viktigaste timen det har hatt til no, sa elevinspektør Hilde Førre.


Bjarte Stubhaug. Foto: Håkon C. Hartvedt

Stress, kropp og sinn

Med ein lett og ledig foredragstil, ikkje utan humor, fekk Stubhaug god kontakt med elevane som opplevde at dei kjende seg igjen i svært mykje av det han sa.

Først og sist fokuserte han på at stress over ting som vi ikkje kan gjere noko med, er bortkasta tid. 
Vidare snakka han om korleis tankar og kjensler slår ut i kroppen.

– Kroppen reagerer fysisk på einkvar følelse. Vi kan ikkje ha ein tanke av betydning som ikkje viser seg i kroppen. Det er difor me kan bruke løgndetektorar, sa han, og fortsette: – Dette er eit samspel mellom situasjonar, tankar, følelsar og kroppslege reaksjonar. Men det går an å snu negative tankar!

Vidare tok han for seg kor viktig det er med søvn, ernæring, fysisk aktivitet og avspenning – og at viktigare enn å sjå på målet heile tida er det å ha fokus på den oppgåva som ligg framfor ein her og no. Og gjer du så godt du kan, er det godt nok!

Sjå, ikkje berre snakke
– Viktigare enn å snakke mykje og djupt med ein som er stressa, er det å vere oppmerksam. – Når ein opplever positiv merksemd er det som å bli sett. Og blir ein sett opplever ein å høyre til, noko som igjen gjev stadfesting og ei oppleving av  å høyre til, sa Stubhaug og siterte utdrag av diktet «Når det kjem til stykket» av Olav H. Hauge:

År ut og år inn har du site bøygd yver bøkene,
du har samla deg meir kunnskap
enn du treng til ni liv.
Når det kjem til stykket, er det
so lite som skal til, og det vesle
har hjarta alltid visst…

– Det er ikkje alltid så mykje som skal til. Positiv merksemd er gull!

Stress
Med korte strekar formidla så Stubhaug kva stress er. Ofte er det ein normal og viktig reaksjon på ei uventa hending. Det er sunt, og kortvarig stress er bra.
Slik er det ikkje med langvarig stress som ikkje slipper taket. Det kan bli sjukdom av slik.

– Når det gjeld ytre stress, kan ein ofte gjere noko med situasjonen. Stressar ein stadig med å nå bussen om morgonen, går det an å stå opp 10 minutt tidlegare.
Nå det gjeld indre stress, handlar det meir om korleis ein tar det enn korleis ein har det. At ein seier til seg sjølv: – Eg får det gjerne ikkje til slik eg hadde ønskt, men eg skal klare meg…, sa Bjarte Stubhaug.

Han utdjupa vidare ymse stressreaksjonar, snakka om yting og overyting, stress og forventningar. 

– Overyting kan vere eit resultat av at ein eingasjerer seg for sterkt, for tett og for lenge. Ved at ein har det for travelt og for mange ting å følgje med på og engasjere seg i -eller som kompensasjon for skjør meistringskjensle med angst for å ikkje strekkje til eller vere god nok. Resultatet av slikt kan bli ei rekkje negative helsemessige plager som Stubhaug lista opp ein del av.

– Fokuset bør vere på det ein får til, er glad for og takksam for. Og det som eg kan gjere noko med. Så må me godta og akseptere det me ikkje kan endre, sa dr. med. Bjarte Stubhaug, til slutt, før han kom med ein del heilt konkrete råd til stressmeistring. Desse vart trykt opp til alle elevane, og dei følgjer nedanfor.