Stork på Rimbareid i april. Foto: Tor Helge Heggland

Fugleinteressert?

Fitjarposten har fått tilsendt eit innlegg lokallaget for fugleinteresserte i Sunnhordland. Nedanfor kan du lese om både laget og generelt om ornitologi.

«Lokallaget vart starta vinteren 1992. Da tok nokre fugleinteresserte personar initiativet til ein samling av likesinna på Stord og NOF-Sunnhordland Lokallag vart skipa, der gjerdesmetten blei emblemart. NOF-Sunnhordland Lokallag dekker sju kommunar, Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Sveio . 

Sunnhordland har eit rikt fugleliv heile året. Av artar me har observert her kan nevnast egretthegre,  amerikakrikkand , rørdrum, myrrikse, turteldue, hærfugl, svartkråke, myrhauk, haukugle, triel, stylteløpar, vintererle, svarthodespurv, fiskeørn.

Som verktøy til rapportering brukar me artsobservasjoner.no. Artsobservasjoner er ein rapporteringstjeneste der ein i tillegg til observasjonar av fugl også bla. kan leggja inn funn av blomster, sopp, fisk, reptiler og virvellause dyr.

For dei som vil halda seg oppdatert om sjeldne fuglar i Sunnhordland har me laga til ein app som heiter Sunnhordland BV. Ved å lasta ned appen BAND kan ein bli medlem av denne. 

Norsk Ornitologisk Forening treng deg med på laget.

Ornitologi
Ornitologi,  av gresk ornis, fugl, er læra om fuglane. Vi kjenner i dag om lag 10 000 artar av fuglar i verda. Til og med 2016 har ein funne 496 spontant i Noreg, inklusive Svalbard og Jan Mayen. Av desse igjen har ein påvist at 255 hekkar på Fastlands-Noreg, Svalbard og Jan Mayen i det 20. hundreåret

I Noreg aukar stadig populariteten om fugl og i dag er det over ni tusen medlemmar i den nasjonale foreninga, Norsk Ornitologisk Forening. Foreninga blei stifta i 1957. Det er fylkesavdelingar i alle fylker og ca. 50 lokallag. Er du medlem kan du delta på ein rekkje aktivitetar i regi av NOF.

Norsk Ornitologisk Forening, avdeling Hordaland er fylkets fuglevernorganisasjon. Foreininga vart en realitet på konstituerande årsmøte 6. desember 1977, og 1978 vart foreninga sitt første virkeår. Tidsskriftet «Fuglar i Hordaland» kjem ut tre gonger i året. Som medlem vert du invitert med på turar og møter både i og utanfor Hordaland. Bli medlem du og, og få flotte opplevingar saman med likesinna, samstundes som du støttar fuglevernarbeidet i Hordaland. Meir info på fuglar.no