Bålbrenning førte til full utrykking

 

 Foto: Håkon C. Hartvedt

Bålbrenning nær eit hus i Lio såg ut til å ta av. Det førte til full utrykking med alle redningsetatane.

Lukkelegvis vart det ikkje husbrann av det denne gongen, men både redningsbil, sjukebil og politi rykte altså ut, og bråtebrannen vart raskt sløkt av brannvesenet.

Om det vil få konsekvensar for den eller dei som tende på bålet, skal ikkje me uttala oss om. Men politiet skriv på twitter at dei har oppretta sak sidan forskrifta ikkje er følgd.

Brannsjef Tore Nesbø nyttar høvet til å be oss understreka at  bål- og bråtebrenning er forbode mellom 15. april og 15. september utan at det er gjeve løyve til det frå brannsjefen.

Brannsjef Tore Nesbø minner om at det ikkje er lov å brenne bål  utandørs på denne tida av året. Foto: Håkon C. Hartvedt