Ein liten kveldsrunde
Sjøsio i kveld. Foto: Håkon C. Hartvedt
Fitjarposten hadde seg ein liten kveldsrunde i bygda før me tok kveld denne fantastiske vårdagen.
Me starta på Sjøsio der kveldsola skapte ein vakker ramme rundt det meste.
Videoen har uteterasse. Ein perfekt stad å sitje ein kveld som denne. Foto: Håkon C. Hartvedt
Utsikt mot FMV. Foto: Håkon C. Hartvedt
Deretter snudde me bilen mot Sandvikvåg, spente på om det framleis var bilar igjen på kaien etter denne sterke utfartshelga med mellom anna russetreff i Kongeparken.Og sjølv om klokka synte 21.15 var det faktisk mange bilar som framleis stod i ferjekø. Men dei kom nok alle med neste ferje..
Sandvikvåg kl 21.15 i kveld. Foto: Håkon C. Hartvedt
Og jammen møtte me på ein russebil òg. Russegjengen frå Fana (biletet) i ein fantastisk dekorert buss, var svært hyggelege og verka mest «uforskamma» opplagde med tanke på at dei hadde ei langhelg i Kongeparken bak seg. Foto: Håkon C. Hartvedt
Me sluttar me eit bilete av rhododendroen til naboen. Eit døme på at tre og blomar verkeleg «eksploderte» denne søndagen. Foto: Håkon C. Hartvedt