Sola skein på konfirmantane

Dei som vart konfirmert kl 13.00 i prosesjon. Foto: Håkon C. Hartvedt.

To konfirmantgrupper vart konfirmerte i dag. Som vanleg med mykje festpynta folk til stades. Og sola skein på dei alle.

På den første var det smekkfullt. 408 var talet me fekk oppgjeve. 

Begge prestane og kyrkjelydspedagog Johannes Olsen tok del.

Fridleif Lydersen talte til konfirmantane ut i frå orda om Jesus og Peter i Johannes sjette kapittel.

– Peter er ein me kan kjenne oss igjen i. Så typisk menneskeleg. Trakkar uti både her og der. Men samstundes har han ei sterk tru på Jesus, sa han mellom anna.

I morgon er det duka for ei gruppe til. Og om ikkje yr.no tek heilt feil, vil sola skine på dei òg.

Sjå og her.