Breiavikjo klar for innrykk

Grønt og fint, men ikkje folk i Breiavikjo i dag. Foto: Håkon C. Hartvedt

Då temperaturen bikka 22 grader Celsius i dag tenkte me at no er det dei som vil ta sitt første bad for sesongen i Breiavikjo. Det tok me feil. Breiavikjo låg der, grøn, vakker og innbydande. Men folk var der ikkje.

Det kan snart endra seg. Med det vêret som er meldt i dagane framover vil me bli særs overraska om den populære friluftsplassen blir verande folketom.

Alt ligg til rette for avkopling av beste slag i området. Om badetemperaturen framleis er i lågaste laget er det nok dei som vil prøva seg – eller berre nyte utekosen med soling, grilling – og alt som høyrer vakre vårdagar til.

Me tok ikkje med oss badetermometeret denne gongen. Det skal me gjere neste gong. Men me kikka innom utedassen og kan melde om at den er stelt klar for sesongen.

Klargjort for sesongen. Det flyt ikkje av papir og bos på utedassen. Men toalettpapir såg me ikkje, så det kan vere lurt å ta med. Foto: Håkon C. Hartvedt