Går greitt med to bilar no

Foto: Håkon C. Hartvedt 

– Det går greitt med to bilar på brua i Sagvåg, sa ein ungdom, litt småskjelvande og letta. Han hadde møtte ein bil midt på brua og kome seg klar med millimeterpassering. Slik er det ikkje no, men fartsgrensa er likevel sett ned til 40 km/t.

 Slik tilhøva er i dag når nyebrua er på plass, er det svært god klaring, og dei gåande er godt ivareteke med trygge, gode fortau.

Foto: Håkon C. Hartvedt

Mange undrar seg over fartsgrensa. Då tillet me oss å sitere det Roberto Balzer, byggjeleiar i Statens vegvesen, sa til Sunnhordland då dei spurde han om dette for ei tid tilbake:

«Dette er eit område der både eldre, skuleungar og andre mjuke trafikantar ferdast. Difor må me ha ei fartsgrense på 40 km/t over den nye brua, meiner Balzer. Han samanliknar sentrumsområdet med området i Leirvik, noko som er årsaka til den låge fartsgrensa på den nye vegen. Dårleg sikt i samband med utkøyringa frå Buneset er også med i vurderinga. Og vegvesenet kjem til overvaka farta nøye framover.

 – Om me ser at trafikantane ikkje klarar å halda seg til fartsgrensa, og at ho vert altfor høg, så vert det fartsdumpar på strekninga. Så enkelt er det, seier Balzer.»