Stor interesse for Fitjar-klubben

Det måtte setjast fram ekstra stolar og bord, då Fitjar-klubben inviterte til sitt første medlemsmøte tysdag kveld, med mat, utlodding og kulturelle innslag. 

I rundt 40 personar hadde funne vegen til medlemsmøtet i kultur og idrettsbygget, og drøsen gjekk så godt at møteleiar Bente Bjelland hadde vanskar med å nå igjennom. Ho fortalte at klubben var eit resultat av dei internasjonale helgane som har vore så store suksessar.

– Etter kvar gong me har hatt desse helgane, har me tenkt at me skulle ha starta opp ein slik klubb, og i år gjorde me det.

Klubben vart starta i april. I og med at klubben er heilt fersk og hadde sitt første medlemsmøte tysdag kveld, har det ikkje vore mogleg for medlemmene å stemma fram eit styre. Difor  har klubben per no har eit mellombels styre som skal sitja fram til klubben har halde eit ordinært årsmøte, og eit styre kan veljast. Sjølv rekna Bjelland seg berre som ein fødselshjelpar og støttekontakt no det første året. Målet er at klubben skal vera heilt sjølvstendig, på lik linje med alle andre lag og organisasjonar i Fitjar.

Esmese Czofa frå Ungarn stod for eitt av innslaga under klubbmøtet. Ho fortalte og viste bilete frå Transylvania,regionen ho kjem frå. Foto: Arne Vestbøstad

Fleirkulturelle Fitjar
Styreleiar Holger Joswig orienterte om kva klubben ønskjer å stå for. Dei ønskjer å vera ein stad der ein kan oppretta nye sosiale relasjonar. Han fortalte at det no er om lag 25 ulike nasjonalitetar i Fitjar allereie og klubben ønskjer altså å vera eit knutepunkt mellom alle dei som kjem utanfrå bygda og dei som allereie er her. Han nemnde ulike typar arrangement klubben kunne tenkja seg å arrangera, som språk-kafe, treff der nokon deler kunnskap eller dugleikar, som handverk, arrangement rundt mat, turar, friluftsliv og andre idear som dukkar opp, anten hjå styret eller medlemmene.

Styreleiar Holger Joswig. Foto: Arne Vestbøstad

Sjølv om Fitjar-klubben er heilt fersk,har dei fått nokre ting på plass. I tillegg til styret, har dei oppretta ei Facebook-side, og dei har ei nettside som er under konstruksjon. Den største oppgåva no, i tillegg til å rekruttera medlemmer, er å finna ein plass å vera. Klubben reknar med å ha ei samling til før sommaren, kanskje då i sitt nye klubblokale, ein eller annan stad.