Bileigar Veronica Olsen hjelper bilcrossdebutanten til rette, saman med nevøen til Hildegunn, Fredrik Helland. Foto: Nils Smedvik.

Heiltent bestemor bak rattet!

Under damenes dag i Vikedal sist helg debuterte bestemor Hildegunn Strand frå Fitjar som bilcrossførar. 

Laurdag skipa NMK Vikedal treningsstemne i bilcross for damer, og fire jenter frå Fitjar Racing Team var med. I tillegg til tre ungdommar stilte Fitjar med 56 år gamle Hildegunn Strand. Ho er på ingen måte ukjend med bilsport, bestemora frå Øvrebygda. Men det var første gongen ho sjølv sette seg bak rattet i eit billøp. Og det skal ikkje bli bli siste gongen, forsikrar ei begeistra bestemor overfor Fitjarposten. 

For å kunna delta i løpet måtte ho betala 600 kr i eingongslisens, inkludert lån av bil og anna utstyr. Sko hadde ho sjølv, for ho har i alle år hatt folk i huset som driv med bilsport. I mange år har ho følgt son sin, Ingve André Strand, rundt på banar i heile Skandinavia, og for to år sidan fekk ho oppleva at han blei norsk meister i crosskart. Noko speakeren i Vikedal gjorde merksam på då den heiltente bestemora stod på startstreken. Og om knappe to veker stiller barnebarnet Anders Halleråker Strand opp den største crosskartklassen under NM-runden i Vikedal  At Hildegunn er søster til bilsportnestor Ole Vidar Helland, gjer nok òg sitt til at interessa kan ha lege latent i 30 år.

Etter debuten er ho svært så oppløfta, og lovar at ho vil gjenta suksessen. – Men då må ho ha seg bil! seier ektemann Martin Strand. Mazdaen ho fekk låna av Veronica Olsen gjekk svært bra, og ein slik bil kunne ho godt tenkt seg. Etter dei tre heata fekk ho premien som den deltakaren med størst framgang, frå første til siste heatet i laurdagens løp. Men det kan jo tolkast på fleire måtar, hintar ekspertisen i verkstaden til Ole Vidar Helland …

Sjølv vedgår ho at ho følte seg litt usikker med ein gong ho hadde fått på seg køyredrakta og spent seg fast i lånt bilcrossbil, som forresten passa godt til henne. Men etter at ho hadde fått første heatet unna, gjekk det betre og betre. Ho fortel at ho kopla ut alt anna og gjekk inn i ei «boble» under løpet, slik andre bilførarar fortel.

Det gjenstår å sjå om ho stiller på startstreken igjen til neste år. Me får følgja med på om ektemann Martin Strand går ut og kjøper bilcrossbil. 


Damer som representerte Fitjar Racing Team i Vikedal, f.v. Tonje Skålnes, Kristina Sætre, Hildegunn Strand og Elise Tufteland. Foto: Sigurd André Maraas.


Oljelekkasje gjorde at Kristina Sætre la ei røyksky over banen i Vikedal. Foto: Nils Smedvik.


Røykskya låg på banen til Kristina kom rundt på neste runde. Foto: Nils Smedvik.