Barnehagen plukka bos 

Foto: Mona Kristin Tufteland

I samband med tema «Natur og miljø» har gruppe C og D frå Gaukareiret i Fijarstølane barnehage gått ein runde og plukka boss.

 

Dei gjekk ned Tednekleivo, langs hovudvegen og vegen i Fitjarstølane tilbake til barnehagen. Dei fant mykje boss og oppfordrar folk til å kaste bosset i bosspann i staden for ute i naturen.

Eit flott tiltak som me gjerne sender vidare som ide til andre…

Foto: Mona Kristin Tufteland