Velsmakande betasuppe til inntekt for Norway Cup. Foto: Kjetil Rydland.

Betasuppe for Norway Cup

I dag møttest ein stor flokk fotballfolk på klubbhuset ved Fitjar Idrettspark for å samla inn pengar til å delta i årets Norway Cup.

Medan Kjell Træet tok med seg sine aller beste menn til Bergen for å sanka poeng mot Smørås 2, møtte fotfolket opp til dugnad på klubbhuset.

I år skal fire lag av garde til Norway Cup i Oso i månadsskiftet juli/august, Jenter 14 og 16, og gutelaga i dei same årsklassane. Til dette har dei bruk for pengar, og kreative sjeler i fotballgruppa bestemte seg for å kombinera det hyggelege med det nyttige, og skipa til dugnad.

Foreldre, ungdommar og andre støttespelarar møttest på klubbhuset, der folk fekk kjøpa middag for 100 kroner, velsmakande betasuppe med kaker og kaffi til dessert. 

På idrettsbanen blei det arrangert ulike aktivitetar for dei unge. Seks-åtte familiar nytta høvet til sykkeltur i Rossneset, der Bente Fitjar hadde sett opp postar med oppgåver og aktivitetar.

Me lurte oss til å følgja med på oppteljinga av pengane, og kan bekrefta at arrangementet gav eit god bidrag til reisekassen. 


Kari Lambach Fitjar, Amalie Henriksen og Marte Rimmereid byr på middag. Foto: Kjetil Rydland.

 


Mathilde lokkar med ymse premiar. Foto: Kjetil Rydland.

 


Tilskipinga gav eit kjærkome bidrag til Norway Cup-kassen. Foto: Kjetil Rydland.