Thomas V. Waage med to scoringar mot Smørås. Arkivfoto FP/KR.

Tre poeng til A-laget

A-laget til Fitjar kom heim frå Bergen i kveld med tre poeng etter 3-1 over toarlaget til Smørås.

Sigeren var fullt fortent, etter det me forstår på trenar Kjell Træet.

I dag møtte Fitjar eit toarlag som var klart svakare enn det rutinerte og spreke toarlaget Stord stilte med på Langeland for vel ei veke sidan.

Fitjar kom godt i gang i borteoppgjeret mot Smørås 2, og brukte berre åtte minutt på å gå opp i leiinga, ved Jonas Tislevoll. Thomas V. Waage la på til 2-0 og 3-0 før omgangen var over.

Trenar Kjell Træet seier seg svært godt fornøgd med førsteomgangen, spesielt starten og avslutninga. Etter pause blei det litt meir variabelt, meiner trenaren. Dei blei meir upresise framover, og brukte mykje krefter på å retta opp feil.

Heldigvis blei det med éi redusering for Smørås 2; den kom etter knapt 10 minutt av andre omgang. – Hadde 2-3 komme rett etterpå, hadde det blitt veldig tøft, meiner Fitjar-trenaren.

Men gutane hans kjempa jamt bra, og reid stormen av. Dermed kunne dei innkassera sin første trepoengar i 5. divisjon. Kjell Træet meiner Smørås 2 var eit lag Fitjar absolutt burde slå for å overleva i divisjonen.

Han er jamt god fornøgd med spelarane sine i dag. På plussida trekkjer han fram 16-årige Arild Fitjar Waage, som utmerkte seg med sikkert og offensivt spel på høgrebacken. Han hadde fleire fine kombinasjonar med kantspelar Badi Hurasi, og kom til fleire fine innlegg både i første og andre omgang. Elles var det positivt å få Øyvind Fykse Lie inn att på midtbanen, for dei hadde bruk for Helge Træet i midtforsvaret. Også denne gongen stilte Fitjar med to mann på topp, Jonas Tislevoll og Thomas V. Waage, og begge kom godt frå kampen, spesielt første omgang.

Etter dagens kamp ligg Fitjar midt på 5.-divisjonstabellen med fire poeng, og neste sjanse til poeng kjem på heimebane mot Nore Neset måndag 9. mai.

Smørås 2 – Fitjar 1-3 (0-3)
Slåtthaug idrettsanlegg
søndag 1. mai kl. 16.00
seriekamp 5. divisjon avd. 3 Hordaland

Mål: 0-1 Jonas Tislevoll (8.) 0-1 Thomas Vestbøstad Waage (37.) 0-1 Thomas Vestbøstad Waage (42.) 1-3 (54.)

Gult kort: Kjell André Thorland.
 
Fitjar sitt lag: Oddgeir Træet, Arild F. Waage, Torbjørn Korsvik, Helge Træet, Johannes Myhre, Kjell André Thorland, Øyvind Fykse Lie, Lars F. Waage (Jonas Aleksandersen (87.), Badi Hurasi (Marius Helland Storebø 87.) Jonas Tislevoll, Thomas Vestbøstad Waage.

Dommar: Roald Wold, Søfteland TIL