Sterk halvmaraton av Nina Aarbø Olsen

Nina Aarbø Olsen. Arkivfoto: FP/HCH 

Nina Aarbø Olsen sprang halvmaraton på 1.33.45 i Bergen City i Bergen i går.  – Dette er klar ny pers i det som må sjåast på som ei hard løype, skriv Bård Inge Bø til fitjarposten.no.

Tida heldt til ein knallsterk 8.plass i kvinneklassen totalt. Andre fitjarbuar som deltok på halvmaraton i Bergen City-løpet var Elin Eidet, Charlotte Ayoe Levåg, Rune Skumsnes, Ronny Korneliussen, Jøran Reigstad og Anne Helene Vestbøstad. 

Magne Skumsnes, i klasse 60-64, vart beste mannlege fitjarbu med tida 1.38.48.