Fitjarklubben – ein internasjonal møtestad

Den nystarta Fitjarklubben inviterer no alle innbyggjarar i Fitjar og Stord velkomen til det første møtet i denne internasjonale klubben.

Klubben som vart starta tidlegare i år i regi av Fitjar kommune sitt kulturkontor i samarbeid med frivillige personar, har no fått eit styre på plass og har jobba jamt utover våren med å få på plass alle detaljar. No vonar ein lokalbefolkninga vil stille på det første møtet som finn stad tysdag 3. mai i Seniorsenteret i 2. etg. i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg.

Her vert det presentasjon av planane som styret har lagt for klubben, sal av internasjonale kaker og spennande kulturelle innslag frå ulike land.

Det vert óg god, gamaldags basar med treårer og flotte premiar som er donert av næringslivet i Fitjar.

Styret vonar at så mange som mogeleg frå Fitjar og Stord vil ta turen, og alle er hjarteleg velkomne, seier dei.

– Hovudføremålet med denne klubben er å lage ein arena for internasjonalt, kulturelt fellesskap, der ein kan finne vener, dyrke interesser og ha det kjekt i lag – same kor folk bur eller kjem ifrå, seier kultursjef Bente Bjelland til Fitjarposten.