Dugnad på kyrkjegarden

Illustrasjonsfoto: Stockphoto

Fitjar kyrkje inviterer til dugnad på kyrkjegarden i morgon.

– Me ønskjer alle velkomen til dugnad på kyrkjegarden, laurdag 30.april kl 09.00. Dugnaden vert ute, og her er det kyrkjegardsarbeider, Kristian Skumsnes, som fordel arbeidsoppgåver. 

Det vil i stor grad vere vanleg rydding, med grusing og raking, men det kan og vere anna arbeid viss me vert mange; mellom anna fjerning av trestubbar og arbeid med å lage småvegar mellom gravfelt. 

Me har noko reiskap, men ta gjerne med hanskar, rake, og liknande. Har du ei motorsag, er den óg velkomen. 

Me held på fram til kl12.00. Då serverer me graut i kyrkja!

Håpar me ser dykk på laurdag!, heiter det i ei melding frå kyrkjekontoret.