Fin friidrettsinnsats på Bremnes

Unge friidrettsutøvarar frå Fitjar klarte seg greitt under seiestemnet på Bremnes nyleg, sjølv om forholda var iskalde og vinden bles imot.

– Essensen av lista er nok at:

Natalie Tislevoll sprang inn til klar bestetid hos jentene på 60 m med 8,90.

Clara Wohlrab hadde lengste hopp av jentene i sur motvind med 3,74 m.

Og Eline Fitjar Hjelle hadde lengste kulestøt av jentene med 8,12 m.

Elles deltok Daniella Tislevoll (10), Bjart Sandvik Bø (9), Johannes Sandvik Bø (10), Angelica Lundal (12), Anna Sandvik Bø (12), Ingvild Olsen de Fine (13), Mari Fitjar Hjelle (11) og Marius Torbjørnsen (13), skriv Bård Inge Bø i ein mail til fitjarposten.no.