Reguleringsplan for krysset i Fitjar sentrum

Foto: Harald Johan Sandvik

Nye krav og føresetnader må oppfyllast.

Planen er utarbeidd av Plan Vest AS, og syner ei ny kryssløysing, trekt litt lenger mot aust, der Fv 545 er forkøyrsveg, og alle sidevegane har vikeplikt. Dei to busstoppa som no er ved Thea Træet og Fitjartun vert tekne bort, og det kjem ny bussterminal med plass til tre bussar mot vest, like inn mot parkeringsplassen framfor Rådhuset. Her er  det også sykkelparkering. Endringa vil ta små areal frå dei næraste eigedomane, grøntareala og Håkonarparken. 

Det er teke omsyn til framtidige vindmølletransportar inntil 55 m., og refugane er delvis overkøyrbare for å få det til.

Reguleringsplanen vart samrøystes vedteken.