Detaljreguleringsplan for Midtfjellet Vindpark

Illustrasjonsfoto: Harald Johan Sandvik

Kommunestyret vedtok planen i dag

Saka går på endringar i tidlegare reguleringsplan, og dei viktigaste punkta er som følgjer:

  • Vegen frå Fv 545 til Olstjørn vert regulert til offentleg veg, opna for allmenn ferdsle og skal asfalterast. Parkeringsplassen ved Olstjørn skal også asfalterast. 
  • Vest for Olstjørn kan det førast opp lager/ servicebygg og bygg ved utsiktspunkt.
  • Det kan etablerast landbruksdrift i tre område rundt Olstjørn og setjast opp nødvendig bygg til føremålet. Mogelege nye nydyrkingsareal er til saman 1.050 mål.
  • Lenger inne i området er det tenkt bygt eit badeanlegg som kan ha heilårsdrift.
  • Det kan byggjast skogsbilveg frå vindparken og ned til Levåg. 

Ordførar Wenche Tislevoll kunne fortelja at planlegging av asfalteringa alt var i gang, og håpa det kunne gjerast før ferien. Juli og august var ikkje aktuelle månader, for det skal monterast ei ny mølle, truleg i juli. Difor kan det verta haust før asfalteringa vert gjort.

Torstein Grimen var glad for at planen var klar, og gav ros til dei som hadde jobba med saka.

Annar Westerheim minna om at det snart var tre år sidan kreative personar sette seg saman og samla idear. Det har gitt resultat! Han vil jobba mot Friluftsrådet Vest for å få også dei engasjerte i fjellet.

Karen Elisabet Rydland Sæbø hadde spørsmål til godkjent storleik på driftsbygning for landbruket. Der er sett ei grense på 250 m2 grunnflate, det vil vera for lite. Det punktet vart ikkje heilt avklart i møtet.

Reguleringsplanen vart samrøystes vedteken.