Frp-innspel i helsesentersaka

Fitjar Frp har fremja eit eige framleis til vedtak i helsesentersaka som skal opp i kommunestyret i dag. Framlegget kan du lese nedanfor.

«Til kommunestyret 27.04.2016

Saks nr. PS 14/16 Lege/Helsesenter i kommunen – Val av løysing

Kommunestyret gjer fylgjande vedtak:

Fitjar kommune vel ei samla løysing med helsestasjon og legesenter, enten i Larsenbygget eller i Sparebankbygget.

Det vert sett ned ei arbeidsgruppe beståande av politikarar (formannskapet), helsepersonell, rådmann, samt ordførar som før møtet i formannskapet 11.06.2016, subsidiert før utvalsmøtet for oppvekst og omsorg 08.06.2016, skal ha eit endeleg forslag klart. Eit forslag som vektar begge bygga meir inngående enn det som ligg føre i dag, der kriterier som: mulegheiter i framtida, utviding, begrensinger, konsekvensar m.m. vert sett opp punktvis. Ein grundigare utgreiing. 

Investeringsramma på 3,9 mill vert auka til 8,2 mill.

Midlar til drift og inndekking vert å koma tilbake til i budsjettet for 2017.»