«Når tåken letter»

Torsdag 28. april er det duka for ny temakveld i Fitjar kyrkje. Temaet denne gongen er «Når tåken letter.»

Det er Idar Simonsen som vitjar Fitjar kyrkje denne torsdagen. Han er utdanna prest og har vore kyrkjelydsprest og sjukehusprest. No er han institusjonsprest i Bergen kommune, mellom anna ved Verdighetssenteret og Bergen Røde Kors sykehjem.

Idar Simonsen har mange års røynsle med alvorleg sjuke og gamle menneske. Han har vore ein skatta lærar og rettleiar for studentar og helsepersonell, kurshaldar og medforfattar til både fagbok og andaktsbok.

Temaet denne kvelden er «Når tåken letter».

– Idar Simonsen kjem inn på korleis me kan vera medmenneske til dei som har det vondt og vanskeleg, slit med demens og gløymsle m.m.

«Eit glimt av himmel» står som underoverskrift. Me ser fram til denne kvelden og kan berre seia: «Kom og høyr»… dette trur me kan verta ein kveld til ettertanke og nytte! skriv Eli Simonsen i ei pressemelding.