10 nyutdanna klubbdommarar etter kurset i Fitjar kultur- og idrettsbygg.  

Nye klubbdommarar i fotballen

Fitjar Idrettslag har fått 10 nye klubbdommarar etter årets kurs.

Roald M. Nilsen held oppe tradisjonen med å utdanna klubbdommarar i fotball.

Onsdag 13. april gjekk han gjennom spelereglane for 5-ar og 7-arfotball med 10 håpefulle jenter og gutar.

Finn Ingvar Havnerås i fotballgruppa gratulerer Natalie, Romante, Live, Daniel, Birk, Ole Cato, Ole Andrè, Marion, Siren og Emilie med gjennomført kurs.

Då er det opp til fotballfolket å gje ungdommen høve til å utvikla seg som fløyteblåsarar.