Fullført kurs blei feira med konfekt i går kveld. Foto: Kjetil Rydland.

Avslutning på norskkurs for arbeidsinnvandrarar

I går kveld var det avslutning på norskkurset for arbeidsinnvandrarar på Rimbareid skule.

Ein gjeng vaksne elevar frå Polen, Litauen, Spania og Mexico har møtt flittig opp til timane sine i mars og april. I går fekk dei utdelt vitnemål av lærar Liv Mari Koløen.

Vårens kurs har bestått av ein modul på 30 gonger 45 minutt. Kurset føregjekk på nynorsk, og i tillegg til lærebøkene har elevane hatt tilgang til ein nettressurs med opplæringsprogram.

Denne gongen var det to små grupper som gjennomførte programmet. Dei fleste har vore med på norskkurs i Fitjar før, og har vist stor framgang. Om det byr seg høve til vidare norskkurs i Fitjar, har fleire av dei lyst til å halda fram. 

Vonleg vil dei få god nytte av den nye kunnskapen sin på arbeidsplassane sine.