NEI!

Ordførar Wenche Tislevoll vart intervjua av Oddgeir Øystese i NRK etter at resultatet låg føre. Foto: Håkon C. Hartvedt-

Fitjarbuen har talt: Fitjar skal framleis vere ein eigen, sjølvstendig kommune.

Det er klart etter at grovoppteljinga syner at  80 % som har stemt nei i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i dag. 20 % stemte ja.

Kor tøffe prioriteringar ein må ta som følgje av det vil tida vise. Mange av nei-folka har tru på at det nye inntekstssystemet vil bli endra så snart stortingsvaler 2017 er over. Ja-folket meiner at eit tog no er gått. Uansett har fleirtalet av kommunestyrerepresentantane sagt at dei vil følgje folket.

Då er det berre å vona at me alle gjer vårt, og «setter alle kluter til» for at me skal klare oss greitt også i åra som kjem. Det sterke engasjementet rundt dette valet tyder i alle fall på at me kan klare utruleg mykje, berre me går saman om det.

Fitjarposten har henta inn følgjande kommentarer:

Agnar Aarskog
Dette er ganske i tråd med det som eg forventa. Ei klår røyst frå fitjarfolket som me i Ap vil følgja. Det viser og at om ein har truga med økonomiske verkemiddel, har ein ikkje klart å snu fitjarbúen. Viktig å drive kommunen godt i framtida. Det trur eg me skal få til.

Geir Tore Søreide
Ein har ikkje klart å begeistra fitjarbuen. Eg trur heller ikkje me tapar noko, sjølv om det kan bli nokre tøffe år. Vidare trur eg på endring ved neste storting. Hadde me slått oss saman ville me ha blitt ein utkant. I tøffe investeringsforhandlingar er det makta som rår.

Ordførar Wenche Tislevoll
Eg har stor respekt både for dei som har sagt ja og dei som har sagt nei. Me har prøvd så godt me kan å få ut all tilgjengeleg informasjon og har sagt kva me meiner. Min fokus er uansett alltid å jobba til det beste for innbyggjarane i Fitjar kommune.