Fitjar Kraftlag vidarefører avtalen med Haugaland Kraft Fiber AS 

Edmund Helland og Jan Håland etter inngått avtale. Foto: Elin Anita Erstad

– Fitjar Kraftlag SA har forlenga avtalen med Haugaland Kraft Fiber AS om levering av breibandstenestene internett, tv og telefoni ut 2020. Partane ser fram til å halda fram med det gode samarbeidet, heiter det i ei pressemelding frå Fitjar Kraftlag SA.

Det er snakk om ein ny  5 årsavtale som skal sikre eit godt innhald på breibandet dei neste åra.

– Fitjar Kraftlag har i dag over 1100 kundar knytt opp på fibersatsinga, og det har vore ei betydelig auke dei siste åra, spesielt. Satsinga og samarbeidet starta i 2004 og har vore ei av dei viktigaste satsingane til Fitjar Kraftlag dei siste 10 åra. For lokalsamfunnet den klårt viktigaste, med tanke på framtida og utviklinga i samfunnet.  Samarbeidet med Haugaland Kraft Fiber AS har vore veldig godt og avgjerande for denne reisa, heiter det vidare i meldinga.

Haugaland Kraft Fiber AS er Altibox-partner, og på landsbasis har dette partnarskapet i dag over 400 000 kundar. Fitjar Kraftlag er medpartnar av Haugaland Kraft Fiber AS. Haugaland Kraft Fiber AS bidreg, i tillegg til leveranse av fibertenester, også med kundeservice og teknisk kompetanse for alle sine sju medpartnarar. 

 – Me er svært nøgde med å ha signert ein ny femårs-avtale med Fitjar Kraftlag. Dei var vår fyrste medpartnar og har vore ein påliteleg og viktig samarbeidspartnar i over ti år», seier Jan Håland, direktør i Haugaland Kraft Fiber.