God stemning i stemmelokalet

Lars Ove Rimmereid puttar setelen i valurna medan funksjonærane Kjell Magnar Helland og John Karsten Raunholm ser til at det går rett for seg. Foto: Håkon C. Hartvedt

Dei har vore godt med folk innom FKIB sidan vallokalet i FKIB opna klokka 09.00.

Tonen var lett, lys og triveleg mellom folk me møtte i vallokalet tidlegare i dag. Så stemninga var god.

Korleis går det så med stemminga? Det vil vise seg. Den store mengda av folk kjem til vallokalet akkurat no, men skal me lodde etter det me fekk med oss i føremiddag, vil det verte ei valbombe om sluttresultatet syner eit fleirtal for ja.

Vallokalet stengjer kl. 20.00.

FItjarposten vil følgje valet utover kvelden til resultatet ligg føre.