Katarina og Bjarte Maraas med instruktør Arild Damm t.h. Foto: Kjetil Rydland.

Vårgasshuku på Fitjar

Karateutøvarar har fylt idrettshallen i Fitjar kultur- og idrettsbygg denne helga, frå fredag ettermiddag til søndag middag.

Det er Fitjar Shotokan karateklubb som har skipa til vårgasshuku for sine eigen medlemmer og gjester frå klubbar i Bergen, Bømlo, Karmøy og Bakfitjar (Stord). Desse klubbane var representerte: Arna karateklubb, Lyderhorn karateklubb, Fjell karateklubb, Fjellsiden karateklubb, Nordås karateklubb, Bømlo Shotokan karateklubb, Karmøy shotokan karateklubb og Stord karateklubb.

Under denne stormønstringa kunne arrangørklubben skilta med instruktørar frå øvste hylle i karatesporten. Eldsjel Sukhwinder Koløen er sensei 3. Dan JKA, medan dei gjestande instruktørane har endå høgare gradering. Helge Sæle er sensei 6. Dan JKA, og Arild Damm er sensei, 5. Dan JKA. Begge er blant dei beste og høgast meritterte karateinstruktørane i Norge.

Under dei intensive treningane som gjekk over tre dager, fekk karateutøvarane lært mykje nytt. I tillegg til treningane hadde dei ein felles middag og sosialt samvær med pastabuffet på Fitjar Fjordhotell.

– Der fekk me møtast utanfor treninga og små og store fekk snakka saman og knyta nye vennskap på tvers av klubbene, seier ein fornøgd styreleiar Bjarte Maraas til Fitjarposten.

Han nyttar høvet til å takka styret og dugnadsgjengen med foreldre for ei god gjennomføring av gasshukuen på Fitjar. 


Instruktørar på høgt nivå, f.v. Helge Sæle, Sukhwinder Koløen og Arild Damm. Foto: Kjetil Rydland.


Christina Koløen, Kari Anita Larsen, Anne Renate Berntsen. Foto: Kjetil Rydland.


Sensei Arild Damm instruerer svart- og brunbelteparti. Foto: Bente Bertina Koløen. 


Trude Miland Helland i kiosken. Foto: Bente Bertina Koløen.


Caroline Larsen frå Stavanger med JKA-butikken. Foto: Bente Bertina Koløen.